Vang Bygg AS har sidan 1983 vore ein seriøs aktør på hytte– og bustadmarknaden i Vang og Valdres. Bedrifta har fleire gode samarbeidspartnarar og står som totalleverandør av byggprosjekt. Odretilgangen er for tida god og firmaet er ute etter å knytte til seg to snekkarar eller tømrer i faste stillingar.
Kvalifikasjonar
– Må ha fagbrev
– Førarkort klasse B (E)
– Emne til å arbeide både sjølvstendig og i snekkerlag
– Norsk eller engelsk-kunnskap
Vang bygg tilbyr
– 100 % fast arbeid
– Gode betingelsar til rett person
– Hjelp med å finne bustad i Vang
– Solid fagmiljø og erfaring
Spørsmål om stillinga retter du til dagleg leiar John Myhre på tlf 97519537 eller john@vangbygg.no
Enkel søknad og CV sender du til same stad.
NB: Ikkje interessert i tilsetjing via bemanningsbyrå
Søknadar vert handsama fortløpande.
Sjå alle ledige jobbar i Vang akkurat no.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!