Frist utløpt

Vang kommune søkjer etter sommarvikarar til sine to barnehagar, Fredheim bhg og Høre bhg. Arbeidet vil vere frå ca 20.juni og tom 12.august (barnehagane er stengt i veke 29 og 30). Sjølv om du ikkje kan arbeide heile tidsrommet imøtekjem me gjerne søknad frå deg.

Me ynskjer særleg studentar frå barnehagelærarutdanning (evnt andre relevante utdanningar) eller studentar innan barne - og ungdomsarbeidarfagbrev, men alle interesserte oppmodast til å søkje.

 

Fredheim barnehage

Fredheim barnehage er sentrumsbarnehagen med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og fleirbrukshallen.
Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 25 barn i alderen 4-6 år, og Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 18 barn i alderen 1-3 år.
I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. Fredheim barnehage har faste utedagar i veka, og turdagane går til naturskjønne områder i nærleiken av barnehagen. Søvelbua er turmål nr. 1 største delen av året. Elles er det turar for dei største barna både til Fugleberg, langs Kongevegen og til Krøsshaug.

 

Høre barnehage

Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er en to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen gymsal og stort uteområde.
Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen, storbarnsavdeling i midten, og småbarnsavdeling i kjellaren.
I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus. Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.
Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller på avdelinga.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Vang tannklinikker - Tannhelsesekretær/ assistent

Innlandet fylkeskommune - Tannhelse
Søknadsfrist: 12. jul 2022
Les mer om stillingen Vang tannklinikker - Tannhelsesekretær/ assistent

Pedagog i barnehage - faste stillingar og vikariat

Vang kommune
Søknadsfrist: 13. jul 2022
Les mer om stillingen Pedagog i barnehage - faste stillingar og vikariat

Fagarbeidar i Høre barnehage - Vikariat 22/23

Vang kommune
Søknadsfrist: 13. jul 2022
Les mer om stillingen Fagarbeidar i Høre barnehage - Vikariat 22/23

Tilkallingsvikar - Miljøtenesta

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. jul 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikar - Miljøtenesta

Helgestillingar - Miljøtenesta

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. jul 2022
Les mer om stillingen Helgestillingar - Miljøtenesta

Kundebehandler i WeissTech

WeissTech AS
Søknadsfrist: 08. aug 2022
Les mer om stillingen Kundebehandler i WeissTech

Salgsleder i WeissTech

WeissTech AS
Søknadsfrist: 08. aug 2022
Les mer om stillingen Salgsleder i WeissTech

Teknisk ressurs i WeissTech

WeissTech AS
Søknadsfrist: 08. aug 2022
Les mer om stillingen Teknisk ressurs i WeissTech

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 08. aug 2022
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia