Vang folkebibliotek søkjer etter ein person som vil vere sommarvikar i ville, vakre Vang i Valdres i perioden 27. juni – 31. juli i 70% stilling.
Biblioteket ligg på Vangstunet i Vang sentrum, og har ingen filialar, men Bok i butikk på Tyinkrysset og i Ryfoss. Biblioteket er ein viktig og aktiv kulturinstitusjon i kommunen, og er samlokalisert med Vang frivilligsentral.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vil vere dagleg drift av biblioteket med det som høyrer til av skrankearbeid, bokrydding, handsaming av fjernlån, lage utstillingar og å møte publikum på ein god måte. Det vil vere mogleg for den som får stillinga å vere med å utforme sin eigen arbeidsdag.
Til stillinga ligg også å administrere BUA Vang, som låner ut utstyr til friluftsliv, sport og leik. Utlånet skjer gjennom eit lettlært datasystem, og krev elles at søkjaren er imøtekomande, har praktisk sans og helst litt kjennskap til friluftsliv og utstyr.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!