Er du flink med barn og ynskjer å jobbe som tilkallingsvikar? Me søkjer no etter tillkallingsvikarar i barnehagane Fredheim og Høre. Det er behov for barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar.
Barna våre i Vang fortener kun det beste! Me søkjer etter fagleg sterke og engasjerte tilsette som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang. Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst, og me er no i vårt fjerde år i denne satsinga.
Søknadar vert behandla fortløpande og aktuelle søkjarar vert kontakta.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!