Frist utløpt
Er du flink med barn og ynskjer å jobbe som tilkallingsvikar? Me søkjer no etter tillkallingsvikarar i barnehagane våre og grunnskulen. Det er behov for lærarar, barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar. 
Barna våre i Vang fortener kun det beste! Me søkjer etter fagleg sterke og engasjerte tilsette som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang. Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst, og me er no i vårt tredje år i denne satsinga.
Me tek i mot søknadar fortløpande gjennom året. Vert du med oss på laget?
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver som lærervikar: 
  • Undervisning på barne- og/eller ungdomstrinnet
  • Førebuing og etterarbeid til undervisingstimar
  • Samarbeid med kollegaar
  • Medansvar for elevane sitt arbeids- og psykososiale miljø i henhold til Opplæringalova §9a.

Arbeidsoppgåver som fagarbeider og assistent i skule/barnehage:

  • Delta aktivt i leik og på tur, assistere i samlingsstund og i undervisinga
  • Assistere og eventuelt bidra i planlegging av aktivitetar og i kvardagslege gjeremål.
  • Jobbe både med barnegrupper og enkeltelevar
Kvalifikasjonar
  •  Relevant utdanning som barnehagelærar/lærar/spesialpedagog eller fagarbeidar er ynskjeleg. Fullført videregåande skole er eit minimumskrav.
  • Erfaring frå barnehage eller skule er ein fordel. Men me ynskjer også deg som har erfaring frå å jobbe med barn og unge i ei anna setting, som til dømes musikk, sport, fritidsaktivitetar eller barnepass.
  • Du må ha gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
  • har eit engasjement for barn og unge
  • er inkluderande, positiv og omsorgsfull
  • er kreativ og løysingsorientert
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er komfortabel med å tilpasse deg forskjellige type menneske i ulike situasjonar
  • er ein tydelig vaksen som klarer å gje beskjed og sette grenser
Me tilbyr
  • Ein gjevande og meningsfull jobb, kor du gjer en forskjell i barna sin kvardag.
  • Ein variert og fleksibel arbeidsdag
  • Du bestemmer sjølv når og kor mykje du vil jobbe
  • Løn etter kommunens løns- og stillingsregulativ
  • Den enkelte tilkalling du som ekstravakt tek på deg, medfører eit enkeltståande mellombels arbeidsforhold, jf. arbeidsmiljølova § 14-9 (2). Tilkalling skjer etter behov ved fråvær pga. sjukdom, ferie eller andre mellombelse forhold som medfører behov for mellombels arbeidskraft.
Kontaktinfo
Tommy-René Stordal
Kommunalsjef oppvekst, kultur og integrering
 61 36 94 20
Solveig Rønneberg
Etatsrådgjevar oppvekst, kultur og integrering
 61 36 94 21

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Leiar ved Vang læringssenter

Vang kommune
Søknadsfrist: 16. jun 2021
Les mer om stillingen Leiar ved Vang læringssenter

Medarbeider Bygdinstøga

Bygdinstøga
Søknadsfrist: 30. jun 2021
Les mer om stillingen Medarbeider Bygdinstøga

Mekaniker på snøscooter, vannscooter og ATV

Vang Auto-Service AS
Søknadsfrist: 01. jul 2021
Les mer om stillingen Mekaniker på snøscooter, vannscooter og ATV

Restaurantmedarbeidere

Filefjellstuene/TFU
Søknadsfrist: 01. jul 2021
Les mer om stillingen Restaurantmedarbeidere

Danselærar

Vang kommune
Søknadsfrist: 01. jul 2021
Les mer om stillingen Danselærar

Helgestillingar - helsefagarbeidar eller assistent

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2021
Les mer om stillingen Helgestillingar - helsefagarbeidar eller assistent