Tømrer/lafter

Tømrer/lafter

Har du lyst å vera med å restaurere eldre lafta bygningar, lafte inn i mellom litt nytt eller kanskje byggje ei stavkonstruksjon? Du har kanskje dreve litt med tørrmuring, skifertekking eller leiremuring og synes det gjev meirsmak? Eller har du prøvd deg som finsnikkar eller med restaurering av dørar og vindauge og kunne tenkje deg meir av det? Då er du kanskje den eg ser etter.

Eg er på utkikk etter ein tømrar/laftar, helst med fagbrev, som har lyst på utfordringar av sama slaget. Du skal kunne bruke handverktøy og jobbe nøyaktig og også kunne få unna grovarbeid - og kunne sjå forskjell på dette.

Eg kan lære bort ein del, kanskje du kan noko eg vil lære? Allsidig arbeid, tunge tak og flisespikking, for det meste i frisk luft og med fantastisk utsikt.

Du må ha førarkort og eigen bil. Oppdrag stort sett i vakre Vang i Valdres, nokre prosjekt på vestsida av fjellet.

Lønn etter avtale. Noko for deg? Slå på tråden og/eller send enkel CV og nokre ord om deg sjølv til: Herbert Mollenhauer, Liagardsvegen 50, 2973 Ryfoss mob.: 95914830 e-post: herbert@mollenhauer.no 

OPNE ANNONSE