Frist utløpt

Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein god tradisjon med trusopplæring i fjellkommunen Vang? Me kan tilby kompetanse på fagfeltet, fleksibilitet i arbeidet og godt arbeidsmiljø. Trusopplæraren går inn i eit nært samarbeid med sokneprest og stab.

Hva vi ser etter

Ynskja kvalifikasjonar:

o Utdanning og/eller erfaring innanfor pedagogikk og kristendom

o Erfaring frå arbeid med barn og ungdom

Personlege eigenskapar:

o Du har initiativ og gjennomføringskraft

o Du har evne og vilje både til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig

o Du har evne til å motivere, inkludere og se frivillige som en viktig ressurs

o Du er fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver

o Du trives med kvelds- og helgejobbing

Særskilte krav:

o Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, samt ha grunnleggande kunnskap om dataverktøy

o Du må være medlem av Den norske kyrkje og utføre tenesta i samsvar med Den norske kyrkjes ordningar, grunnverdiar og visjonar

o Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil

o I stillinga inngår kvelds- og helgearbeid

o Den som tilsetjast vil bli bedt om å legge fram godkjent politiattest, jamfør trossamfunnsloven §20, og politiregisterloven §39, første ledd

Personleg eignaheit blir vektlagt.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Kyrkjeverje Silje Hammerstad, mobil 902 42 171 eller sh466@kirken.no

Sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland, mobil 926 53 320 eller il597@kyrkja.no

Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast til mail; sh466@ kirken.no, innan15.august 2024.

Arbeidsoppgaver

o Planlegging og gjennomføring av trusopplæringstiltak i tråd med trusopplæringsplanen vår

o Samarbeid med sokneråd, stab og frivillige

o Publisering og markedsføring

o Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle oppgåver i arbeidsfellesskapet

Vi tilbyr

o Tilsetjing på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler

o Eit godt arbeidsfellesskap

o Løn etter KA's tariffavtale

o Medlemskap i KLP pensjonsordning

o 6 månaders prøvetid

Vang høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedømme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed midt mellom Oslo og Bergen.

Me har ca. 1650 innbyggarar, med kulturskule, korps og kor, i tillegg til eit vidt spekter av anna frivillig arbeid.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Vang kommune
Søknadsfrist: 20. okt 2024
Les mer om stillingen Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24