Barnehagane i Vang har ledig 100 % fast stilling for vernepleiar frå juni 2022.
Barna våre fortener det beste! Me søkjer etter ein fagleg sterk og engasjert vernepleiar som brenn for barna si utvikling, læring og trivsel. Direkte arbeid med enkeltbarn med vedtak om bistand vil vere ein stor del av jobben.
Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang. Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst, og me er no i vårt fjerde år i denne satsinga. Vert du med oss på laget?
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!