Drøymer du om å kombinerer festival, musikk og naturopplevelser? Vinjerock er ein av landets mest populære musikkfestivalar, med ein solid merkevare og lojale partanarar og samarbeidspartnarar som har vore med oss i mange år. No ønskjer me å utvikle attraktive konsept i samarbeid med både eksisterande og nye, då treng me ein dedikert, visjonær og ryddig partnar- og økonomisjef.
Som partnar- og økonomisjef har du ansvar for å følgje opp eksisterande og hente inn nye partnarar, i tråd med Vinjerock sine verdiar. Du elskar å finne spanande måtar å aktivere samarbeidet i knutepunktet mellom festivalen og partnar, og sørgje for at desse aktivitetane blir gjennomført. Du jobbar både opp mot privat næringsliv og andre aktørar det er naturleg for Vinjerock å samarbeide med.
Du er òg ansvarleg for å følgje opp den daglege økonomiflyten i festivalen, herunder mellom anna bilagshandsaming, oppfølging av rekneskapsbyrå, rapportering til styret og utarbeiding av budsjett saman med dagleg leiar. Du er òg glad i å søkje og rapportere på midlar, og ønskjer å finne ut korleis Vinjerock kan drivast på best mogeleg måte.
Så om du drøymer om å flytte nærare fjell og natur? Om å ha skiløyper, 2000-meterstoppar og stiar utanfor stovedøra? Om å ha ein inspirerande jobb i eit kreativt kontorfellesskap i fagre Vang i Valdres? Då er det deg me leitar etter. Få stillingar kombinerer festival, musikk og naturopplevingar som ein jobb i Vinjerock gjer.
Vinjerock har fem verdiområde med særleg fokus:
Kultur- og naturglede
Nynorsk
Lokalt rotfeste
Openheit
Berekraft og inkludering
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!