IMG 2725
Framsida Arbeid og bustad Bustader og tomter Bustad til leige Einebustad rett ved skulen

Einebustad rett ved skulen

Burmavegen 1

Så nært Vang barne- og ungdomsskule som det er mogleg å koma er no ein romsleg og mykje opprusta einebustad ledig for leige.

Mykje av bustaden er renovert dei siste åra og den inneheld følgjande rom.

2. etasje: To soverom, ekstra stove, gang, bad, kjøkken/vaskerom/lagerrom
1. etasje: Gang, stove, kjøkken, spisestove, lite soverom, toalett
Kjellar: Fryserrom, lagerrom, vaskerom
Garasje: Garasjeplass til ein bil og god plass til vedlagring, syklar og annat.

Alle kvitevarer og ein fryser vert ståande. Det same gjeld eit framskåp i stova. 

Tomta er stor med både plass til dyrking og hundar. Det er mellom anna jordbæråker her allereie.  

Ny varmepumpe installert hausten 2017 som står for brorparten av oppvarminga. 

Badet i andre etasje er einaste rom som ikkje er renovert dei siste åra. 

Privat vatn. Straum og renovasjon kjem oppå leiga. Det same gjer eventuelt TV og internett. To månader depositum. Ledig frå 1. juni.

Adresse
Burmavegen 1
2975 Vang i Valdres

Utleigar
Fulan Yang
Mob: 462 72 682 
Epost: fulanyang@yahoo.com

Nøkkelinfo

  • Pris: 6000,–/mnd.
  • Tre soverom
  • Sentralt
  • Garasje
  • Privat vatn
  • Ny varmepumpe
  • To månader depositun

Fleir Bustad til leige