Fullsizeoutput 174B
Framsida Arbeid og bustad Bustader og tomter Bustad til sals Kjøsavegen 21

Kjøsavegen 21

Sjarmerande Rudi gard Gnr 95/1 i Kjøsavegen 21 er no til sals. 

Lite småbruk der kun bustadhuset står igjen på garden. Her bur du usjenert og idyllisk til, med utsikt til fjella rundt og kort veg til jakt og tur - moglegheiter. 

Bustaden er frå 1959, men godt vedlikehaldt og pussa opp gjennom fleire år. I fyrste etasje er kjøkken, spisestove, stort bad, vindfang og romsleg stue. I andre etasje er fire soverom, loftstue og lite bad med dusj og toalett. Stort uteområdet med moglegheit for oppbygging av garasje. 

Med garden følgjer også Gnr 96/14 (skogteig), dyrket mark 20 da, innmarksbeite 19 da, skog 244 da, myr, uproduktiv skog 205 da, jorddekt fastmark 109 da. 

I tillegg er det jakt - og fiskerettigheter, samt leigeinntekt på heisanlegg i Raudalen. Leigeinntekten frå heisanlegget er av høg verdi, og gjer at taksten på eiendommen er satt slik den er. 

For meir informasjon eller visning kontakt Gunnvor Høgden Heen på tlf. 488 65 070. 

Adresse
Kjøsavegen 21 
2973 Vang i Valdres 

Kontakt
Gunnvor Høgden Heen 
Tlf: 488 65 070

Nøkkelinfo

  • Opprinneleg gardsbruk med stort bustadhus
  • To etasjer 
  • Fire soverom
  • Nytt bad/ vaskerom frå 2012
  • Vedfyring 
  • Kjeller 
  • Stort uteområdet 
  • Jakt og fiskerett
  • Årleg leigeinntekt frå heisanlegg 
  • Kort avstand til Ryfoss sentrum og barnehage 

 

Takst 
4 750 000,-

For framsyning - ta kontakt med Gunnvor.
Privat sal.
Overtaking skjer etter avtale.

 

 

Fleir Bustad til sals