Hyttebygging i Vang

  Oversikt
Bildetittel: Haustkveld på Vennis i Vang med utsyn mot Grindane (1724 moh.).

Hyttekommunen Vang har heile spekteret av hyttetomter, dyktige handverkarar, samt kommune og næringsliv på tilboddsida for hyttefolket. 

Med ein stadig betre E-16 gjennom kommunen er Vang hyttekommune for store delar av Sør-Noreg. Vestlendingane får dei bratte fjella kombinert med vide vidder og eit stabilt klima. Austlendingane kan velje mellom triveleg stølslandskap og ekte høgfjell, ein kombinasjon få andre fritidsområder kan matche. 

Samstundes er det skarpe skille mellom stølsområde, fritidsområde, grender og urørt natur - vi er fullt klar over at opplevingar i den storslåtte naturen vår er det som trekk dei aller fleste til Vang.

Tomtetilbod

Her på tomtesidane på vangivaldres.no ligg mange av områda for hytteutbygging i Vang. Du finn tomter tett på vatnet og høgt til fjells. Anten «ro», alpinanlegg, utsyn, langrennsløyper eller turstiar er avgjerande for deg, finn du det du leitar etter i Vang.

Entrepenør

Alle relevante byggjeaktørar i Vang er samla her på vangivaldres.no. Her kan finne totalentrepenørar eller du kan finne fram til dei leverandørane du treng for å realisere din hyttedraum.

Søknader

Frådeling, oppmåling og anna syter kart- og oppmålingsavdelinga i Vang kommune for. Alt frå byggjeskikkrettleiar til søknadsskjema for byggjeløyve finn du også på Vang kommune sine heimesider. Her finn du også oversikt over tekniske tenester og anna relevant tenestetilbod for deg som hytte-eigar.

Kjøpe hytte

Med i overkant av 1700 hytter i Vang er det til ein kvar tid eit aktivt salgs-marknad for hytter. Det aller meste finn vegen til finn.no, her ligg også ofte tomter ute for sal. 

Harde fakta
Hyttekommunen Vang

Villand2975 Vang i Valdres
KviisyndinKviisyndin, 2973 Ryfoss
Jevneshaugadn 1Liagardsvegen, 2973 Ryfoss
RøgnstølenTveitastølvegen, 2975 Vang i Valdres