Huldrehaugen (90/35)

  Oversikt
Huldrehaugen (90/35)

Ei stort tomt med veg, straum, to garasjar og topp soltilhøve  er til sals ovanfor Laglim mellom Åsvang og Høre. Ein draumeplass for den som vil bu høgt, fritt og med godt armslag kring seg. 

Det er opparbeida veg til båe bygningane og stor parkeringsplass. Ein av garasjane er også kopla på straumnettet. Det einaste som manglar før ein kan byrja å byggje her er med andre ord ein plan for vatn og avløp.

På den romslege tomta er «kremplasseringa» ovanfor garasjane helde av til bustadbygging, men her er ikkje noko omsøkt så ein står sjølvsagt fritt til å plassere huset der ein ynskjer det.

Tomta har ikkje gateadresse men ligg på oversida av bygdevegen ved nedkøyringa til badeplassen ved Laglim akkurat der Hørevegen går over til å vera Liagardsvegen. Tomta er regulert for fast busetnad.

Ta kontakt med eigar for meir informasjon om salet. 

 

Harde fakta

Adresse
Hørevegen 745 (NB: Ikke oppført med adresse)
2973 Ryfoss

Seljar
Jan Henning Kjørlien
Mob: 995 86 876 
E-post: janhenningk@hotmail.com

Nøkkelinfo

  • 4,6 mål stor tomt
  • Topp sol- og utsiktstilhøve
  • Skjerma beliggenheit
  • Straum til bygning på tomta
  • To garasjar
  • Etablert veg og parkering
  • Midt i turterrenget

Prisantydning

kr 450 000,- + omk.

Bustadfelt i ØyeVennisvegen 1789, 2977 Øye
Bustadtomt Vang sentrumHelinvegen
Byggjefeltet i Ryfoss2973 Ryfoss
KrøsvølhaugadnHelinvegen, 2975 Vang i Valdres