Krøsvølhaugadn

  Oversikt
  • Grunneigar Øyvind Leine Thune og familien er no ferdige med sitt eige hus som er fyrste hust i Krøsvøllhaugadn-feltet.
  • Frodig med flott utsyn er to stikkord for Krøsvøllhaugadn.
  • Gode soltilhøve med majestetiske Grindafjell i bakgrunnen.
  • Tomteområdet er småkupert.
  • Mot søraust ligg Hugakøllen.
Krøsvølhaugadn

Langs Helinvegen i Vang sentrum er utsiktstomter med infrastruktur fram til tomtegrensa for sal. Her har du kort veg til skule, barnehage, butikk og alle andre servicetilbod i sentrum. Samstundes er du tett innpå natur, skiløype og høgfjell. 

Her er romslege tomter med bra armslag til naboane. Totalt er det seks tomter i feltet som no ventar på kommunal behandling - kontakt grunneigar for å få veta meir. To av tomtene er allereie godkjent og klare for sal.

Hausten 2019 vert det lagt opp vatn til området og samstundes gjort klart for påkopling til kommunalt avløp fram i tid. Vang maskin AS og Vang rør AS står for arbeidet.

Feltet får ski in/ski out til løypenettet i Grindafjellområdet gjennom ei skiløype bort til gamle Helinvegen.

Grunneigar Øyvind Leine Thune med familie har sjølv bygd hus i feltet.

Harde fakta

Adresse
Helinvegen
2975 Vang i Valdres

Eigar
Øyvind Leine Thune
Tlf: 977 52 887
E–post: oyvindthune@hotmail.com

Nøkkelinfo

  • Tomter: 1,5–2,0 mål
  • Rett ved vinterbrøyta veg
  • Veg, vatn og straum til tomtegrense 
  • Utsyn og gode soltilhøve

Pris
Kontakt seljar for meir info.

Byggjefeltet «Steintræet»Steintræet, 2975 Vang i Valdres
Bustadtomt Vang sentrumHelinvegen
Hensåsen – få ledigeHensåsvegen 300 (ca.)
Byggjefeltet på BøaflataBøaflata, 2975 Vang i Valdres