Bustad til sals: Hegland (58/9)

  Oversikt
Hegland (58/9)

På ein skjerma knaus med flott utsyn over Slidrefjorden ligg det vesle småbruket Hegland. Her er eit eldre hus og driftsbygning på tunet, samt ein godt vedlikehaldt støl med diverse bygningar til ved Tjednstølen.  200 meter strandlinje langs Slidrefjorden. 

Våningshuset er sett opp i 1936 og er eit hus med sjel, tømra vegger og ein god jordkjellar. 

1. etasje: Trappegang, bad, kjøkken og to stover.
2. etasje: Trappegang, to store soverom og fire små rom/kott.
+ jordkjellar

Tunet har ellers ein låve, litt hage og innmark både mellom tunet og bydevegen og mellom bygdevegen og fjorden.

Stølen er sett opp i 1940 og stølshuset har vorte brukt og halde ved like heile tida. Her er to etasjar, der det er tre soverom i andre etasje. Det er også uthus, låve og løer på stølen. Tjednstølen er for øvrig eit autentisk stølslag nesten utan hytter. 

Det er fiskerett både i Slidrefjorden og ved tjednet oppe på stølen knytt til garden.

Ingen odel knytt til eigedommen. 

Privat sal - kontakt prosjektleiar Anne Live ved interesse.

Harde fakta

Adresse
Vestsidevegen 1366
2966 Røn

Kontakt
Prosjektleiar Huga på Gard
Anne Live Garvik
annelive.garvik@gmail.com
Tlf: 959 36 189

Ta kontakt direkte ved interesse. Privat sal.

Nøkkelinfo

  • Gardsnr 58. Bruksnr. 9
  • Våningshus, driftsbygning og uthus
  • Støl over to etasjar på Tjærnstølen med låve, uthus og to løer. 
  • Jakt– fiske- beite og sameigerettar
  • Bekk på eigedommen. 
  • Om lag 200 meter strandlinje langs Slidrefjorden.
  • Skjerma plassering med utsyn over Slidrefjorden.

Areal

  • Totalt 127,4 mål. 
    Av dette:
  • 24,8 mål fulldyrka mark
  • 11 mål innmarksbeite og overflatedyrka jord
  • 79,2 mål skog
  • Resten er anna areal

Meir i valdreskart.no - trykk på Vestre Slidre og søk på gnr: 58 bnr:9 

Takst: kr 1.700.000,-

Fleire bustader til sals

Kvalebråten (39/16)Tyinvegen 2550, 2966 Slidre
Hagajordet (48/5)Bergheimsvegen 14, 2966 Røn
Øvre KårstadVestsidevegen 2114, 2116 og 2118, 2967 Lomen
Njukadn (43/2 og 4)Klukkargardsvegen 53, 2975 Vang i Valdres