Bustad til sals: Kvalebråten (39/16)

  Oversikt
Kvalebråten (39/16)

Med sentral plassering i Slidre, utsyn over Slidrefjorden, modernisert bustadhus og støl på Trollhovd er Kvalebråten ein innflytningsklar draum av ein gard.

Våningshuset består av tre etasjar:

Hovudetasje: Bad, stort soverom, kontor/soverom og utgang til veranda
Loft: Bad, open løysing/fellesrom, stove og to kryprom
Kjellar: Vaskerom, stort soverom, bad, bryggeri/kjellerbod

Eigedommen går heilt ned til Slidrefjorden og fiskerett i fjorden følgjer med garden. Ved sidan av våningshuset er det driftsbygning med mellom anna stort treningsrom og både stabbur, garasje og drivhus på eigedommen.

Det er og jaktrett innanfor Slidreåsen Grunneigarlag. Her er eige jaktlag for elg og hjort, mens det vert seld kort til fugle- og rådyrjakta.

Stølen på Trollhovd er romsleg og triveleg med enkel standard. Vatn hentar ein i bekken eller tek med på plastkanne. Her er to soverom og vinterbrøyting til om lag 500 meter unna.

 

Harde fakta

Adresse
Tyinvegen 2550
2966 Slidre

Seljar
Dag Bjørn Vårvik
E-post: dagbjoern@gmail.com
Tlf: 90771869

Ta kontakt for meir informasjon og framsyning.

Nøkkelinfo

  • Gardsnr 39. Bruksnr. 16
  • Våningshus, driftsbygning, stabbur og garasje
  • Støl og sommerfjøs på Trollhovd. 
  • Jakt– fiske- beite og sameigerettar
  • Strandlinje langs Slidrefjorden. Fiskerett.
  • Sentral plassering med utsyn over Slidrefjorden.

Areal

  • Totalt 151,6 mål. 
    Av dette:
  • 49,2 mål fulldyrka mark
  • 99,9 mål skog
  • Resten er anna areal

Meir i valdreskart.no - trykk på Vestre Slidre og søk på gnr: 39 bnr:16 

Prisantydning: kr 3.850.000,-

Meir på Finn.no

Fleire bustader til sals

Hegland (58/9)Vestsidevegen 1366, 2966 Røn
Haugland (60/10) i Vestre SlidreTrillebakkadn 37, 2966 Røn
Einebustad på tunNørsvinsvegen 25, 2975 Vang i Valdres
PaulsrudVestsidevegen 436, 2960 Røn