Bustad til sals: Synsteikra (15/2 og 5)

  Oversikt
Synsteikra

Synsteikra byr på eit triveleg gardstun med (snart) lite trafikk forbi, to stølar i Rødalen og både jakt og fiskerett.

Akkurat no er tunet klemt tett innpå E-16 men i løpet av vinteren 2019 vert hovudvegen forbi Øye lagt på oversida av garden og såleis vert trafikken forbi utelukkande av lokal karakter.

Det er småviltjakt i Øye sameige og fiskerett i Vangsmjøse tilhøyrande garden. 

Bygningar knytt til garden

  • Våningshus, driftsbygning, garasje og kårbustad/hytte
  • Stølshus og sommarfjøs i Rødalen
  • Stølshus og sommarfjøs på Listølen

Bygningane er i høgst varierande stand - sjå takst for meir informasjon.

Ta kontakt med advokat Ragna Bang for meir informasjon og eventuelle bod.

Harde fakta

Adresse
Øyevegen 88 og 90
Rødalsvegen 281 og 296
2977 Øye

Kontakt
Eiendomsadvokaten i Valdres
V/ Ragna Bang
ragbang@fagernesadvokat.no
Tlf: 61365670

Ta kontakt for framsyning eller meir informasjon.

Nøkkelinfo

  • Gardsnr 15. Bruksnr. 2 og 5
  • Våningshus, driftsbygning og kårbustad
  • Støl i Rødalen
  • Utsyn over Vangsmjøsa
  • Med ferdig nyveg forbi Øye vert det lite trafikk forbi
  • Jakt, fiske og sameigerettar/pliktar

Areal

  • Totalt 234,8 mål. 
    Av dette:
  • 6,6 mål fulldyrka mark
  • 168,8 mål skog
  • Resten er anna areal

Meir i valdreskart.no - trykk på Vang og søk på gnr: 15 bnr: 2 og 5 

Takst: kr 1.500.000,-

Fleire bustader til sals

Øvre KårstadVestsidevegen 2114, 2116 og 2118, 2967 Lomen
Njukadn (43/2 og 4)Klukkargardsvegen 53, 2975 Vang i Valdres
RognesTyinvegen 4050, 2973 RYFOSS
Hegland (58/9)Vestsidevegen 1366, 2966 Røn