Hytte i Vang

Frå Koldedalen og Jotunheimen til elvefiske, Kongeveg og stølsliv - Vang og fritid går godt i lag.

Hytte i Vang

Hyttekommunen Vang i Valdres er plassen for deg som søker aktivt friluftsliv i storslått natur kombinert med ei levande grend på tilboddsida for fritidsbebuarar. 

Med ein stadig betre E-16 gjennom kommunen er Vang hyttekommune for store delar av Sør-Noreg. 

Vestlendingane får dei bratte fjella kombinert med vide vidder og eit stabilt klima. Austlendingane kan velje mellom triveleg stølslandskap og ekte høgfjell, ein kombinasjon få andre fritidsområder kan matche. 

Den unike og til dels urørte naturen er ein hovudgrunn for å velje Vang og vi skal strekke oss langt for å halde på dette i framtidig utvikling av kommunen.

Her er ein liten guide til deg som er, eller vil bli, hytte-eigar i Vang.

Tomt og hytte

Her kunne vi sagt mykje, men vi peiker deg vidare til oversynet over hyttetomter i Vang på nettsida og salskanalen Finn.no for kjøp av ny eller gammal hytte

Har du tomt kan ein totalentrepenørar fikse alt for deg. Eller du kan navigere sjølv mellom dei lokale leverandørane som kan bidra fram til ferdig hytte.  

Aktivitetar

Både sommar og vinter er det tett mellom høgdepunkta i Vang og dei mest relevante tilboda finn du under aktivitetar-fana her på sida. 

Det mest vitja her på nettsida er fisking, om du lurte på det. Med topptur vinterstid og fjelltur sommarstid på dei neste plassane.

I botn for sommaraktiviteten ligg stinettet i kommunen som kvart år vert halde ved like av ungdom frå bygda. Løypelaga i Vang står på side for skiløyper vinterstid. Bruk dei - støtt dei! 

❄️ Tyin-Filefjell Turløyper // VIPPS: 137959
❄️ Grindafjell Ski // VIPPS: 502613
❄️ Slettefjell skiløyper // VIPPS 512670.

Mykje av aktiviteten i kalenderen her på nettsida er også relevant for deg på besøk her. Klatring i Vangshallen, offentleg bading, kulturprogrammet på biblioteket eller lysløyperenn på Åsvang er berre nokre eksempel. Du er alltid velkommen! 

Det er og fleire aktivitetstilbydarar i kommunen som sikrar både deg og eventuelt besøk dei beste opplevingane Vang har å by på. 

Lokalmat

I alle delar av kommunen har du eteplassar som leverer på høgt nivå med eit stort innslag lokale råvarer.  

For deg som vil ete lokalt også på hytta har Joker Ryfoss og Joker Tyinkrysset mykje lokalmat i sitt sortiment.

Elles er det direktekontakt med produsentar som gjeld - her er smørbrødlista med lokale matleverandørar

Fjellgris, kje, lam, storfe, vilt, rakfisk, kurv, tomatar, solbær, ost, te, bær og anna er av det som er å oppdrive lokalt.


Vaktmeistertenester og hytteservice 

Hadde det vore greit å ta tak i noko som dette?

  • Skifte ut dører og vindauge
  • Rehabilitere torvtak
  • Måling og beising
  • Trefelling og skogrydding
  • Generelt vedlikehald
  • Ved for neste vinter
  • Innreiing og interiør
  • Plassbygd kjøkken
  • Grusing og helle-legging
  • Platting
  • Montere takstige (krav om det no)

Då kan ein av aktørane innan vaktmeistertenester eller hytteservice hjelpe deg. Vedprodusentar i Vang har vi og samla på ein plass.

Nybygg og renovering

For større byggjeprosjekt oppfordrar vi til å gå i direkte kontakt  med ein eller fleire av handverksbedriftene i Vang. 

Fullstendig oversikt over bedrifter i Vang finn du her.

Hugs at ikkje alle har høve til å løyse oppgåva neste veke, sjølv om dei fleste strekk seg langt og snur seg kjapt. Ta kontakt tidleg og ha eit realistisk bilete av når jobben kan gjerast.

Handel


Med to byggjevarehus, eigen hyttebutikk, sportsbutikk på Tyinkrysset og matbutikkar i alle delar av Vang får ein dekt alle daglege handelsbehov i Vang.

Vi set stor pris på alle som tek handelen lokalt anten det er snakk om utelampe, skiutstyr, mat eller anna.  Gjennom det sikrar du dit eige tilbod samstundes som du får god service og rett pris.

Vang kommune
 - offentlege tenester

Alt av tekniske tenester i Vang finn du på Vang kommune sine heimesider. Ta kontakt tidleg om du har prosjekt på gang, det er smart å gjera alt etter boka frå start av. 

Søppelhandtering går via Valdres Kommunale Renovasjon (VKR). informasjon om renovasjon og opningstider på miljøstasjonen i Vang ligg på deira side. 

Takstige er eit krav på alle fritidsbustader og informasjon om dette og feiing ligg her.

Vi reknar elles med at du har lagt merke til fråværet av eigedomsskatt i Vang. 

Vi nemner også at det er fleire hyttevelforeningar i Vang - prat med naboen og finn fram til di forening. Dei fleste av desse er også med i Valdres hytteforum.

Kontaktpersonar

Hallgrim Rogn
Med eit stort hjarte for Vang, Valdres og Bygde-Noreg jobbar Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn kvar dag for å bidra til at Vang fungerar best mogleg på flest mogleg nivå. TLF: 412 22 769

Send e-post

Vidar Eltun
Vidar Eltun - ordførar (AP), lærar, humorist og fotballfantast er nokre av betegningane som passar godt til sjefen over alle sjefar i Vang.

Send e-post

Dag Inge Bruflot
Med bakgrunn får internasjonalt næringsliv (Ikea, Acer) flytta Dag Inge Bruflot til Vang sumaren 2015 og byrja i jobben som næringsutviklar i Innovangsjon. Anten du driv næring i bygda, vurderer å starte opp noko eller berre treng ein å diskutere ideen din med, er Dag Inge mannen å kontakte. TLF: 958 73 757

Send e-post

Oppsider ved hytte i Vang

🔥Ekte høgfjell (Jotunheimen, Skarvheimen..) 🔥Midt mellom Oslo/Bergen- aust/vest 🔥 Ingen eigedomskatt (0,-/året) 🔥Vinjerock 🔥200 km skiløyper 🔥Tyin-Filefjell skisenter 🔥Raudalen skisenter 🔥Kongevegen over Filefjell 🔥God tilgang på kvalitetsmat rett frå bonden 🔥Eteplassar av høg kvalitet 🔥Solide handverkarar og fleire som driv med hytteservice 🔥Levande stølsliv 🔥Variert fiske 🔥Tilgang på småviltjakt 🔥Heftige bomvegar 🔥Utallige fjellturar.