Full stopp i Kvamskleiva - proppen langs E-16. Dette skjer kvar vinter, særleg dei dagane då E-16 over Filefjell er einaste farbare veg aust-vest. Foto: Nils Rogn
Framsida Om Vang Kvamskleiva - kampanjeside

Kvamskleiva - aksjonsside

Kvamskleiva er den mest rasutsette vegstrekning på Austlandet og proppen på den ellers heilårsopne E-16 over Filefjell. Ny tunnel er ferdig planlagt og prosjektet har vore inne i Nasjonal transportplan (NTP) sidan 2010 - kven tek ansvar og får fjerna denne proppen på E-16?

Her følgjer vi Kvamskleiva tett og oppdaterer med relevante nyhende fram mot realisering av tunnelen gjennom Kvamskleiva.

Engasjement

Vi er mange både lokalt, regionalt og nasjonalt som jobbar for at Kvamskleiva vert bygd ut. Her er smørbrødlista på korleis du kan gjera ein forskjell.

  • Bli med i facebookgruppa og følg facebooksida. 
  • Bruk kontaktnettet ditt og set Kvamskleiva på agendaen. Er du politisk aktiv løft saka regionalt og nasjonalt.
  • Meld frå om ras til TLF: 175 og om forsvarleg dokumenter med foto/film og last opp i facebookgruppa
Presseklipp

Mykje vert sagt og skreve om Kvamskleiva gjennom eit vanleg rasår. Her er eit utval presseklipp som seier noko om situasjonen. 

Lista er så uendeleg mykje lenger, men du skjønar teikninga. Kvamskleiva er ein farleg og unødvendig propp langs den mest vintersikre vegen aust-vest. 

Bakgrunn

Argumenta er mange for å realisere Kvamskleiva så snart som praktisk mogleg. Her er nokre av dei viktigaste.

  • E-16 er Hovudveg aust-vest og desidert mest sikker gjennom vintermånadane. Når trafikken går greit over fjellet er Kvamskleiva ein unødvendig, uøkonomisk og ikkje minst farleg propp.
  • 170 stein- og isras i snitt kvart år. Frå grus til knyttnevestor stein og større. Ei belastning for lokalbefolkninga og ei stort faremoment for alle vegfarande.
  • Resten av E-16 gjennom Valdres og vidare mot Bergen er anten bygd ut eller under utbygging - kvifor sette att dette mest utsette av alle punkt?
  • Prosjektet er har godkjent reguleringsplan, ei priskalkyle og mogleg finansiering frå både rassikringspotten og Nasjonal transportplan (NTP) men vert framleis stadig utsett. Dette prosjektet mellom to stolar? Kven tek ansvar?
  • Frå 2004-2014 vart ti menneske skada på strekninga. Tre av desse alvorleg og ei dødsulykke.
  • Alt om prosjektet er grundig dokumentert hjå statens Vegvesen som sjølv jobbar aktivt for å få realisert Kvamskleiva. 

For fleire argument, foto eller kommentarar - kontakt ein av eldsjelene i aksjonsgruppa for Kvamskleiva. Du finn telefonnummer i høgremargen her.

Media

Filmen i botn av saken er det berre å nytje i nettsaker.

Foto og filmklypp frå aksjonen 13. mai 2019 ligg her.(til fri bruk)

Ta kontakt med hallgrim@vangivaldres.no om du treng foto, film eller anna frå Kvamskleiva.

Vi brenn for Kvamskleiva

Aksjonsgruppa for Kvamskleiva
Aksjonsgruppa for Kvamskleiva

Då Bjørg Olimb og Tone Lajord vart vitne til ei nestenulykke grunna steinras i Kvamskleiva vart Aksjonsgruppa for Kvamskleiva oppretta. Gruppa består av Bjørg Olimb (997 34 259) Tone Lajord (975 61 728) Arve Wangensteen (975 23 044) og ordførar Vidar Eltun (917 23 502). Dei jobbar engasjert på alle frontar for snarleg realisering av tunellen gjennom Kvamskleiva.

Send e-post

Besøk sida

Kvamskleiva

Mest rasutsette vegstrekning i region aust hjå Statens Vegvesen –– 170 stein- og isras i året –– Kaos kvar vinter når E-16 er einaste opne fjellovergang aust-vest ––Proppen langs E-16 –– Ferdig planlagt og inne i Nasjonal transportplan (NTP) sidan 2010 –– KVEN TEK ANSVARET?