IMG 6127
Framsida Aktivitetar Frivilligmagasinet

Frivilligmagasinet

Kjære lesar, velkommen til magasinet for frivilligheit og fritidsaktiviteter i Vang! Frivilligmagasinet vart lansert i desember 2023, og sendt ut i postkassa til alle innbyggjarar i Vang. Ettersom vi ønskjer at alle skal få moglegheita til å lese om det rike foreningslivet i bygda vår, legger vi her ut ein digital versjon av magasinet! 

Dette blir ikkje eit årleg magasin. Det er eit tidsbilete, og ein stemningsrapport frå ei rekke ulike aktivitetar som fann stad i året 2022 og 2023. Om nokre år har det kanskje kome nye aktivitetar til, og nokre har kanskje falle frå. For å være heilt oppdatert, råder vi deg til å nytte Foreningsportalen for oppdatert informasjon om laga, og kalenderen vår for å sjå kva som skjer året rundt. 

Redaktør for Frivilligmagasinet er Marte Tangen og Ida Nordland Hillestad. Tusen takk til resten av arbeidsgruppa i prosjektet ¨Inkluderande Frivilligheit¨ og Ingridesign for stødig og flott arbeid på design. 

God lesing!