Politikarpraten Facebookcover
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Har du innspel til politikarane i Vang?

Har du innspel til politikarane i Vang?

18. mars 2024
Velkomen til Politkarpraten; ein uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta!

Første Politikarprat blir på Vang folkebibliotek, i dag måndag 18. mars kl 16.30-17.30.

Dette er eit initiativ frå kommunestyret i Vang, som ønskjer å vere meir tilgjengelege for innbyggjarane, og få innspel og diskusjon om aktuelle saker. Gruppeleiarane og ordføraren fortel at det av og til blir debattar i avisa og på facebook etter at eit politisk vedtak er fatta, og håper med dette tiltaket at innbyggjarane skal få meir innsyn i kva som rører seg i politikken, og legge til rette for at folk får ytre meiningane sine og stille spørsmål før kommunestyret behandlar sakane.

Saklista til kvart enkelt kommunestyre blir publisert på kommunen si nettside ei veke før kommunestyremøta. På biblioteket kan du også lese den i papirformat. Fleire av partia har sine gruppemøte rett etter Politikarpraten, og då vil dei kunne ta med seg innspela frå innbyggjarane dit.

Alle er velkomne til Politikarpraten. Biblioteket og Frivilligsentralen byr på pizza til praten – om du har du lyst på ein bit så gi beskjed til biblioteket@vang.kommune.no før kl 12 same dag, slik at vi veit kor mange vi skal bestille til.

Representantane frå Bygdelista, Senterpartiet, Miljøpartiet dei grøne og Arbeiderpartiet ser fram til å samlast på biblioteket og håper mange tek turen for ein prat!