IMG 6239
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Hjertevarmt generasjonstreff på Vangsheimen

Hjertevarmt generasjonstreff på Vangsheimen

25. januar 2024
Fyrste generasjonstreff med babysang vart ein triveleg og hjertevarm stund både for små og store!

Denne våren arrangerer Vang Frivilligsental, Kyrkja i Vang og Vangsheimen tre flotte generasjonstreff med babysang, leia av Anne Lajord Belsheim. I går var aller fyrste generasjonstreff der små og store samlast i Fjorstøga på Vangsheimen, for song og ei triveleg stund. Med latter, varme og store smil fyltes rommet med ei lun og god stemning, og det såg ut til at alle oppmøtte koste seg! 

Etter endt babysong var det sjølvsagt tid for ei pause med kaffe og noko godt å bite i. Fekk du ikkje vore med denne gongen, fortvil ei - det blir fleire sjanser utover våren. 

Neste generasjonstreff er: 

  • Torsdag 21. mars kl 11-13 på Vang folkebibliotek
  • Torsdag 16. mai kl 11-13 på Fjordstøga, Vangsheimen

 

Få med deg resten av dei trivelege bilda i bildekarusellen lenger ned på sida!