IMG 6311 (1)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv I dette NålØye får alle plass!

I dette NålØye får alle plass!

13. februar 2024
Ein ny møteplass i bygda har vokst fram - fyrste onsdag i månaden inviterer Pernille Harket Bakke til NålØye!

- Heile ideen kjem eigentleg frå at eg ville lære meg å sy sjølv. Også har det ballet litt på seg, ler Pernille Harket Bakke. 

Ho starta nemleg opp NålØye med tanke på at folk i bygda kan møtes for å gjere ferdig prosjekt, utveksle erfaring, lære nye ting, eller kun komme for å vera sosial. Fyrste onsdag kvar månad er det opne dørar i Øye samfunnshus, og du kan til og med få middag for ein 50-lapp! 

- Dette er ikkje ein reinspikka syklubb, altså. Tanken er at alle som vil kan komme innom, anten det er for å kun spise middag og prate, eller om dei har eit prosjekt dei vil jobbe med. Alle er velkomne, smiler Harket Bakke. 

 

Gjenbruk i fokus 

Ofte har ein lett for å kaste ting og klær som er ødelagt, eller som ein kanskje ikkje bruker så mykje lengre. Og nettopp dette er ein av tinga Pernille ønskjer å sette fokus på, med NålØye. 

- Mange gonger kaster ein jo klær fordi ein ikkje veit kor ein skal begynne, skal det stoppes eller syes? Litt det er tanken her, at me kan reparere kleda vår, i staden for å kaste dei, seier Harket Bakke. 

- I tillegg har me eit klesstativ der ein kan bytte kleder, og kanskje finne nye skatter til klesskapet smiler ho. 

Frå 17.00 serverer ho også middag for ein femtilapp. Maten står framme til 21.00, slik at alle som vil kan komme innom!

- Hverdagslivet er travelt, så om et mattilbud gjør at de kan ta turen hit, er det veldig koselig, seier Harket Bakke. 

For oppdatert informasjon kan du besøke Facebook-gruppa NålØye.