IMG 2296
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Janne tek steget til fjellbygda Vang

Janne tek steget til fjellbygda Vang

14. juli 2022
Janne Colbjørnsen frå Jevnaker tek steget ut av byen og inn i fjellheimen når ho no byrjar i jobben som bibliotekmedarbeider i Vang.

- Det blir spennande og gler meg veldig til å ta fatt på både jobben og livet i Vang, smiler Janne Colbjørnsen. 

Ho tek med flyttelasset frå Jevnaker og kjem flyttande opp til Vang denne sumaren. Fyrst som sumarvikar hjå biblioteket, men frå august er ho fast tilsett og blir eit kjent fjes å sjå på biblioteket. Opprinneleg er Janne utdanna sjukepleiar, men har i fleire år og jobba på bibliotek. Ei interesse ho no har gjort om til fast jobb! 

- Sidan eg var liten har eg likt meg svært godt på biblioteket, og brukte mykje tid på å lese bøker. Dei siste åra har eg og jobba litt som vikar og trivst veldig godt med det. Så det er ikkje heilt ukjent farvatn for meg, seier Colbjørnsen. 

- Eg føler meg veldig heldig som har fått lov til å jobbe her både i sumar og som fast tilsett frå august. Eg trur nok det eg likar best med å arbeide på bibliotek er den gode blandinga av faste rutinar og uforutsigbare oppgåver, det gjer jo kvardagen varierande, ler ho. 
 
Spent på livet i Vang

Sjølv om jobben som bibliotekmedarbeidar er kjent, er jo bygda nye trakter for Janne! No gler ho seg til å bli betre kjent med Vang og alle moglegheitene som finnes i fjellheimen. 

- Eg har ikkje noko særleg kjennskap til Vang frå før, eg har eigentleg berre vore på gjennomreise her, så eg har nok mykje å oppleve endå, seier Colbjørnsen. 
- Men eg trur eg kjem til å trives godt. Eg er ikkje noko bymenneske, eg likar meg på litt rolegare plasser, så dette lover verkeleg godt, legg ho til. 

Janne fortel at ho er svært glad i å fotografere og at ho difor er spent på å utforske alle naturperler bygda kan by på. 

- Så blir det sjølvsagt spennande å bli kjent med både folk og ulike moglegheiter som Vang kan by på. Eg er veldig spent, smilar ho. 
 
Sumaren på Vang folkebibliotek 

Biblioteket held ope heile sumaren, for alle leseglade og litteraturglade vangsgjeldingar, hyttefolk eller gjennomreisande. Så fortvil ikkje, du får lånt favorittboka di til ferien i år også! 

- Sjølv om det blir litt andre tider enn til vanleg no i sumar, er biblioteket ope kvar måndag, tysdag, onsdag og fredag, så det er rikeleg med tid til å både låne og levere bøker, seier biblioteksjef Marianne Riste.

- I tillegg har BUA Vang ope for levering tysdager 16.30-17.00 og henting på torsdagar frå 15.00-16.00, der møter du meg i sumar, smiler Janne. 

For dei yngre blir det i år som i fjor, Sommarles for ungar i 1.klasse - 7.klasse. Biblioteksjef Marianne oppmodar borna til å komme innom og låne bøker, registrere det dei har lese og etter kvart hente premiar.

- Og for dei som ikkje har stunde til å komma innom her, så har me bok i butikk både på Joker Ryfoss og Joker Tyinkrysset. Der er det berre å låne med seg bøker, både for lokale, hyttefolk og gjennomreisande. Og blir du ikkje ferdig med å lese, så kan du levere den på biblioteket heime hjå deg sjølv, seier Riste. 

Ho fortel at biblioteket startar oppatt med meir aktiviteter utover hausten, blant anna spelkveldar for ungdomstrinnet og Valdres litteraturfestival, som var arrangert fyrste gong i 2021.
 
Slik ser opningstidene på biblioteket ut i juli: 
Måndag: 14-19 
Tysdag: 11-16 
Onsdag: 11-16
Fredag: 9-14 

Frå august blir det ope som vanleg på kvardagene, men laurdagane blir då frå 10-14.