B1FB2C8A CCBC 43F3 8B41 0812D238632E
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv La kreativiteten blomstre med Vang husflidslag

La kreativiteten blomstre med Vang husflidslag

21. april 2022
Vang husflidslag held sykurs med mønsterkonstruktør Malin Venås. La kreativiteten blomstre og meld deg på!

Har du ein indre Jenny Skavlan? Er du relativt ny bak symaskina eller treng du påfyll? Eller har du berre lyst til å lære deg å sy eigne kleder? Då er dette kurset midt i blinken for deg!

Vang husflidslag arrangerer nemleg ei heil helg med sykurs, og med seg på laget har dei huka inn intet mindre enn mønsterkonstruktør, Malin Venås. Ho har vore i bransjen sidan 1998 og er verkeleg å regne som ekspert på området. Og no skal ho altså lære Vangsgjeldingane å sy eigne skjørt. 

Kurset vert helde ved Åsvang samfunnshus og går over 11 timar fordelt på laurdag 7. mai frå kl 10.00 - 17.00 og sundag 8. mai frå kl 10.00 - 14.00. Det er ein fordel at du er kjent med det å sy frå før, men det er absolutt ikkje noko krav om å vera makalaust dreven. Du lyt ha med symaskin og basis sysaker sjølv. 

Det er plass til åtte deltakarar og det er ei påmeldingsavgift på 1000 kr medlem, og 1300 kr for dei som ikkje er medlem. 

Påmelding innan 25. april til Kari Hagaseth på 988 57 553. 

For meir informasjon, kontakt leiar i Vang husflidslag Kari Hagaseth