Sovesofa om natta, sitteplass om dagen
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Leilegheitene på Mjøsvang er klare

Leilegheitene på Mjøsvang er klare

14. november 2016

Mjøsvang Kafé har nett bygd fire utleige-leilegheiter for å møte etterspørselen om soveplass til ferierande og folk på gjennomreise. Med kvar sin veranda, og utsikt mot Vangsmjøsa ligg forholda til rette for at fleire tilreisande vert attende i Vang ein ekstra dag.

- Me hadde våre fyrste gjester i helga. Det var eit engelsk par på gjennomreise som lurte på om me hadde tilgjengelege rom for overnatting, og det var herleg å endeleg kunne seie «ja, det har me!» fortel Hanne Fjeld som driv Mjøsvang Kafé. Ho kan fortelje at dei lenge har ynsket å tilby overnatting.

- Det er alltid nokon som spør om me har plass, men før måtte me alltid vise dei vidare.

Kvar leilegheit har eit soverom med dobbeltseng, bad og ei stove med sovesofa og tv. Dei store vindauga gjev utsyn mot jordet nedanfor Mjøsvang, og Vangsmjøsa. Ein enkel kjøkkenkrok gjev mulegheit for å lage seg mat, og det er Wifi på alle rom. Med andre ord alt du treng for eit behageleg opphald.

Gjev varierte arbeidsdagar

- Me er fire tøffe damer som jobbar på Mjøsvang i dag. Drifta er stabil, men det seier seg sjølv at med overnattingstilbodet kjem det fleire oppgåver som kan gje ein meir variert kvardag og oppgåver gjennom heile året, seier Hanne.

Hennar håp er at enda fleire vil ta seg tid til å stoppe eit par dagar ekstra for å sjå kva Vang har å by på.

- Det er mange flotte turar og fiskevatn i nærområdet, og jo fleire som vil teste dei ut for ein dag eller  to, jo betre er det, smiler Hanne!  

Opnar for lengre leigeperiodar

Etter at dei la ut nyheita på Facebook har førespurnadene strøyma inn.

- Ein person spurte om me kunne leige ut for to år, det blir litt lenge. Me rettar oss mot dei som ferierer i Vang, og vil at leilegheitene skal vera tilgjengelege for desse.

Men ho ser ikkje vekk frå at dei som treng eit mellombels husvære kan ta kontakt. – Om vinteren er det mindre trafikk. Då kan det verte aktuelt å leige ut ein heil månad i strekk, til dømes, seier Hanne.

Bookinga har altså opna, og dei som vil overnatte på Mjøsvang kan ta kontakt på epost: post@mjosvang.no, eller ringe til 99567054.