Merete
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nærmar seg husflidsdag på Åsvang

Nærmar seg husflidsdag på Åsvang

14. august 2023
Tradisjon tro er det snart klart for ein av haustens høgdepunkt - husflidsdag på Åsvang samfunnshus!

Den tradisjonsrike husflidsdagen som i mange år vart arrangert i gamle Kvam, har dei sista åra no vert arrangert på Åsvang samfunnshus. 

- I år blir husflidsdag laurdag 9. september frå 12-16, seier Kari Hagaseth. 

Det blir salgsboder, demonstrasjonar av bl.a. takkebakst og div. husflidsteknikkar. Kafeteria med salg av rummegraut med mykje meir. 

I år vert det utstilling av julehandkle og kristenteppe!

Innlevering av utstillingsobjekt på Åsvang torsdag 7. september kl 18-21.

- Me håper at folk vil låne bort sine klenodier slik at me kan få vist bort denne flotte handverkstradisjonen, smiler Hagaseth.