DDE0268B E161 4059 B891 330919479DBD
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Naturleg fin med eigen hudpleie

Naturleg fin med eigen hudpleie

10. mai 2022
Naturleg Fin EB satsar på hudpleie med kun naturlege produkt. Få glød i gusten vinterhud med krem og skrubb frå denne gjengen!

- Me er alle veldig interessert i hudpleie og synes det ofte er dyrt å kjøpe på butikken. Då kom ideen om å lage vår eigen krem og skrubb, med enkle og naturlege produkt, seier Sina Sofia Eltun (14). 

Ho ei ein av jentene i bedriften, Naturleg Fin EB, som satsar hardt på at folk skal vera nettopp det - naturleg fine. No er dei godt i gang med å produsere sine fyrste produkter, og snart er dei klare for både salg og bestilling av varer. 

- Det blir veldig spennande når me byrjer å selje hudpleieprodukta, eg er veldig spent på korleis det blir mottatt og om folk i det heile tatt kjøper. Eg håpar jo det, me har jo kvalitetssikra på alle lærarane i fleire veker no, ler Kristina Kislaja (14). 

 

Gjevt å starte eigen bedrift 

Tradisjon tro skal 9. klasse ved VBU også dette året bryne seg på gründerlivet, og har fått i oppgave å starte opp sine eigne bedrifter. Nokså krevjande for ein så ung gjeng, men ideane er både mange og gode. 

- Eg synes det var litt vanskeleg i starten når det var så mykje teoretisk og papirarbeid. Det er jo no det er artig å ha bedrift, når me får arbeide praktisk og faktisk får sjå produkta våre, smiler Sina Sofie. 

Ho fortel at det har vore mykje å sette seg inn i og at dei har lært mykje medan dei har planlagt alt frå konsept og logo, til økonomi og markedsansvarleg. 

- Det er mykje arbeid, men det er artig også. Me lærer jo myke om korleis ein bedrift er bygd opp og korleis ein drifter den vidare. Det blir betrakteleg meir spennande no framover, når me skal selje og ha kontakt med ulike kunder, seier Kristina. 

- Så er det jo kult å ha utvikla sitt heilt eigne varemerke, dette er jo vårt konsept og vår ide, seier Agnete Berge (14). 

 

Fokus på bærekraft og mindre plast 

Jentene i Naturleg Fin EB er ikkje berre gode med produktutvikling og hudpleie, dei scorar også høgt på bærekraft i bedriften sin. 

- Det var viktig for oss å ha fokus på det å utvikle bærekraftige produkter. Det er også viktig for ein bedrift å setje seg inni bærekraftsmåla og fylgje dei, seier Kristina. 

Ho fortel at Naturleg Fin EB ynskjer å bruke mindre plast, og har difor valgt å ha gamle syltetøyglass som beholder for skrubben. 

- Det er både gjenbruk og bærekraftig. Når ein då har brukt opp skrubben sin, kan ein koma attende å få påfyll, seier ho. 

- Og hudkremen skal også vera på små glas, slik at me sparer oss for plast, legg Ronja Angelina Havro Grube (14). 

Hudkremen inneheld kun olivenolje, kokosolje og bivoks. Medan skrubben inneheld salt, ingefær, brunt sukker og olje. 

- Det som er viktig med ein god hudkrem er at den fukter godt heile dagen, men likevel trekk fort inn i huden.  Og ein god skrubb skal fjerne døde hudceller og gjere huden silkemyk, smiler Sina Sofie. 

- Og det har me fått til, smiler Kristina. 

Har du lyst til å ta ein nærmare titt eller bestille noko? Då finn du Naturleg Fin EB på Facebook og Instagram.

 

Fleire elevbedrifter i 9. klasse 

Heile 9. klasse arbeider med elevbedrifter om dagen, og du kan sjekke ut alle dei andre bedriftene i linkene nedanfor!