IMG 6165
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv No skal vangsgjeldingane bli både sterke og stødige

No skal vangsgjeldingane bli både sterke og stødige

08. januar 2024
Treningsopplegget Sterk og Stødig skal starte opp i Vang denne våren! Caroline Marlen Solie Bryntesen og Karina Nyborg er no på utkikk etter frivillige instruktørar til gruppetimane!

- Sterk og stødig er treningsgrupper med fall-forebyggande trening for heimebuande seniorar over 65 år, seier frisklivsrettleiar Caroline Marlen Solie Bryntesen. 

Ho og fysioterapeut Karina Nyborg er no på utkikk etter frivillige instruktøtar til å halde desse Sterk og Stødig- timane i Vang. Timen varer i 60 minutt og inneheld ei rekke øvingar innanfor styrke, balanse og kondisjon. 

- Som instruktør treng du ikkje ha noko treningsbakgrunn eller erfaring frå gruppetimar, ei heller treng du vera over 65 for å halde treninga. Men ein lyt ha moglegheit til å ha gruppetimen på dagtid, smiler Nyborg. 

Caroline og Karina vil halde opplæringskurs for dei frivillige, før dei byrjer med gruppetreninga. 

- Det vil bli lite kurs i forkant, slik at ein lærer opplegget og føler seg klar for å halde trening. Me har eit håp og mål om å få fire frivillige instruktører klare til våren, seier Solie Bryntesen. 

- På sikt ønskjer me også å få til ein gruppe i kvar grend, slik at folk slipp å reise så langt. Men, enn så lenge startar me opp på Vangsheimen med fast trening der, legg ho til. 

 

Vil du bli instruktør? 

Synes du det høres spennande ut å vera instruktør for ei Sterk og Stødig-gruppe, eller kar du kanskje lyst til å vite endå meir? Då kan du ta kontakt med; 

Frisklivsrettleiar Caroline Marlen Solie Bryntesen på Caroline.Marlen.Solie.Bryntesen@vang.kommune.no // 91127549 

Fysioterapeut Karina Nyborg på Karina.Nyborg@vang.kommune.no // 41508963

Les meir om Sterk og Stødig her.