Rune Vik og Ida Østvold Heensbakken er klare for å endeleg opne den nye Slettefjellkiosken.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ny giv og gnist i Slettefjellkiosken

Ny giv og gnist i Slettefjellkiosken

16. juni 2022
Slettefjellkiosken opnar snart for sesongen og endeleg er det klart for opning av den nye kafédelen. Med fleire nye tilbod i vente er det duka for ein flott sommar over Slettefjellet!

- Eg gler meg utruleg mykje til å få starta sesongen, opne kiosken og komme i gang, seier Ida Østvold Heensbakken, dagleg leiar i den nybygde Slettefjellkiosken. 

Ho er nyleg ansatt og har fått ansvar for å skru Slettefjellkiosken til det vesle, ekstra kneppet denne sesongen. I fjor vart det nemleg bygd ny og større kiosk, den var flytta til andre sida av vegen og fekk både kafédel og toalettmoglegheiter. 

- Vårt største ynskje er jo at kiosken skal fortsette å vera den gode møteplassen for grenda og lokalmiløjøet, slik det alltid har vore. Med større parkeringsplass, betre plass til å sitje ute, betre utval i kiosken og ein kafédel, håpar me både lokale og turistar kjem innom, smiler Rune Vik, styreleiar i Slettefjellvegen. 

 

Arrangerer opningsfest for kiosken

Den nye kiosken vart bygd i løpet av sommaren i fjor, og det vart aldri tid til ein ordentleg, velfortjent opning av det nye bygget. No derimot er kiosken klar, hyllene er fylt med varer, blide fjes står klare i kioskluka og er det er duka for ein triveleg opningsfest. 

- Det er jo på sin plass å ha ein opning av den nye kiosken, den har vore planlagt i mange år og endeleg står den klar, seier Vik. 

Han fortel at dei har hatt dyktige håndverkere på jobben. Både Helge og Jon Helge Remmen har hamra og spikra for å få kiosken ferdig, Vang Maskin har gravd, Bjørn Erik Wangensteen har sørga for vatn og moglegheit for ein svipptur på toalettet, og Vidar Kassel har fått lys i pæra og stikkontakter på golvet.

I tillegg har Tora Vik har gjort ein god jobb med å lage skiltet og beiset mykje av kiosken. Lorenc Zogaj fullførte beisinga no i vår! Og grunneigar Gerd Vedvik har stilt grunn til disposisjon. 

- Utan dyktige fagfolk hadde jo ikkje kiosken stått her no, så all heder og ære til flinke fagfolk. I tillegg fekk me god og positiv støtte frå Vang kommune, legg han til. 

Og no er det altså dags for opningsfest. Den 25 juni blir det gratis kaffe og vafler til alle som tek turen, ordførar Vidar Eltun kjem for å halde tale og det blir sjølvsagt musikk til den store åpningen. 

- I tillegg vil kiosken vera open og det er moglegheit for å setje seg både inne og ute denne dagen. Me håpar jo sjølvsagt på veldig fint vær, det hadde vore det beste, smiler Østvold Heensbakken. 

 

Vil satse på lokale varer 

Med ny kiosk kjem og nye varer inn i hyllene. Dagleg leiar Ida ynskjer å tilby eit rikhaldig sortiment av lokale varer frå Vang og heile Valdres. 

- Tanken er at ein skal kunne få tak i lokalmat frå Vang og dalføret rundt her, lokalt handverk og håndarbeid. Samstundes litt typiske turartikler som havregryn, drikkeflasker, og lignande. Me er fortsatt litt i startfasen med å velje varer, men hovedtyngda skal komme herifrå, smiler Østvold Heensbakken.  

- I tillegg blir det dei vanlege kioskvarene som tidlegare, så det blir både is, sjokolade og brus for den som ynskjer seg det, legg ho til. 

No er det siste finnpuss i kiosken og med varene i hylla, før det er klart for storstilt opning! 

- Sidan vegen no er åpen over Slettefjellet ynskjer me å åpne kiosken for publikum frå 21. juni kl 10. Desse dagane med "siste innspurt" for å få alt ferdig i kiosken vil nok bli prega av opplæring av tilsette og lett kaos i lokalet, men me har i alle fall hjarterom og kaffi på kanna. Velkommen, smiler Østvold Heensbakken.