DSC 4385 2
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Opnar hovudbunadutstilling på biblioteket

Opnar hovudbunadutstilling på biblioteket

19. januar 2023
Onsdag 25. januar opnar biblioteket opp ei heilt unik hovudbunadutstilling i sine lokaler.

– Eg har akkurat henta 25 kassar med hovudplagg til bunad og frakta dei frå Maihaugen, og til Vang folkebibliotek. No er dei trygt framme, og me gler oss til opning neste veke, smiler Helge Gudheim, frå Norsk folkedraktforums (Nff) hovudbunadkomité i Valdres.

Denne utstillinga er nemleg på noregsturné, og no er ho altså komen hit til Vang! I mange år har det vore lite fokus på hovudplagg knytta til bruk av bunad og folkedrakt. Norsk folkedraktforum ønskjer med denne utstillinga å få ei ny bevisstgjering rundt hovudplagg i dagens bunadbruk. 

22 regionale grupper har arbeidd for å tilvirke tradisjonelle hovudplagg. Resultatet er 70 forskjellige hovudplagg for kvinner og menn frå heile landet. Fire hovud frå Valdres er med i utstillinga!

– Å ta på bunad er litt som å kle på seg eit museum – ein går jo litt tilbake i tid. Og hovudplagget er ein viktig del av drakta, som det er veldig leit om ein veljer bort. Då mister me jo ein del av historia vår, seier Gudheim. 

 

Storstilt opning neste veke

I felleskap har Norsk folkedraktsforum, Vang folkebibliotek, Vang bygdekvinnelag og Vang husflidslag samla troppene, for å stelle i stand utstillinga «Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bunadbruk». Utstillinga kan sjåast i bibliotekets opningstid fram til og med laurdag 4. mars. Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) på Fagernes er også representert opningskvelden.

Men aller fyrst er det altså storstilt opning onsdag 25. januar klokka 19.00 på biblioteket! 

– Me oppmodar alle som vil til å ta på seg bunaden sin denne kvelden, det er jo ein ypperleg anledning til å ha den på, og gjerne også hovudplagget! Men du er sjølvsagt varmt velkomen om du kjem i vanlege klede og, smiler Gudheim. 

Han fortel at det vil bli festivitas og taler, og ordførar skal knyte opp ei snor og erklære utstillinga for opna. I tillegg vil det bli lagt opp til ein workshop under opninga denne kvelden. 

– Nokre av hovudplagga til bunadene i Valdres er ganske vanskelege å få til å sitja godt på hovudet. Dei som har problem med dette blir inviterte til å ta med seg sine hovudplagg til opningskvelden (ta sjølv med deg strikk og hårspenner). I bibliotekdelen vil det bli oppretta eit par "stasjonar" der folk kan få praktisk hjelp av medlemmne i Nffs hovudbunadkomité til å få jenteoppbinding og rull til å setja godt på hovudet, seier Gudheim. 

 

Representantar for Vang husflidslag vil òg ha ein liten fileingsstand i biblioteket, der du kan sjå og lære meir om sjølve teknikken. I tillegg blir ei av bruredraktene til Vang bygdekvinnelag synt fram.

Biblioteksjef Marianne Riste er òg engasjert utstillinga, og synes det er stas å få ein nasjonal vandreutstilling til Vang, og sjølvsagt ei opning med pomp og prakt! 

– Det er artig å få ei slik utstilling på biblioteket, og me håpar at mange vil ta turen både for å få med seg opninga, men og ellers i vekedagene, for å sjå dei flotte hovudplagga, smiler Riste.