7B9D7EFD E703 4AB8 B263 EE82EDF5E67D
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ryfoss treningssenter ute for sal

Ryfoss treningssenter ute for sal

31. januar 2024
Ryfoss treningssenter er no ute for sal. Ein unik og sjeldan moglegheit til å ta over eit veletablert treningssenter og ein viktig møteplass i bygda.

Ryfoss treningssenter er no ute for sal. Ein sjeldan moglegheit til å ta over eit velutstyrt og veletablert senter som har vore i drift i 20 år. Treningssenteret ligg midt i Ryfoss sentrum mellom frisør, kafé, tannlege, butikk og bensinstasjon. 

Treningssenteret består av gang, hovedrom med styrkeapparater, mølle og romaskin, spinningrom, solarium, og WC. Treningssenteret er utrusta med godt ventilasjonssystem og låsesystem frå 2020. I både hovedrom og spinningrom er det lagt opp til lydanlegg med moglegheit for både radio/ CD eller mobiltilkobling.

I dag er treningssenteret på ca. 100 kvadrat, men det er moglegheiter for å utvide, og få større areal om dette er eit ønskje. 

Alt av treningsutstyr på senteret er frå Technogym, og er gradvis oppgradert gjennom dei 18 åra treningssenteret har vore i drift. Det er eit innholdsrikt og stort sortiment av utsyr, og alt ein treng på eit fullverdig treningssenter. Alt utstyr følgjer med til nye eigarar. 

Som sikkerhet for drift av treningssenteret er det mogleg å få til f.eks ei 10 års kontrakt på leige av lokalet, ettersom heile bygget ligg ute for sal. 

 

Utsyret frå Technogym: 

  • To løpemøller 
  • Ellipsemaskin 
  • Håndsykkel 
  • Romaskin 
  • Fire stasjoner
  • Beinpress 
  • Benkpress 
  • Rygghev 
  • 11 sykler 
  • Leg curl 
  • Leg extension 
  • Lat max 
  • Pull-up stativ 
  • Baller 
  • Vektstenger (15 og 20) 
  • Trapbar 
  • Ribbevegger
  • To stakemaskiner
  • Pylo boks 
  • Treningsmatter 
  • To benker 
  • Slynge 
  • Balanseputer 
  • Tre sekker (10-15-20 kg) powerbag 
  • Hantler (1-27 kg) 
  • Vekskiver + stativ 
  • Boksesekk + utstyr 

 

Har du spørsmål eller ønskjer du ein visning? Då kan du kontakte noverande drivarar Margrete Fagerheim på mob. 991 02 016 eller Gudrun Gustavsen på mob. 997 14 372. 

Bli betre kjent med historia til Ryfoss treningssenter her. 

Sjå fleire bileter frå Ryfoss treningssenter nedanfor.