IMG 6289
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Skidress til alle barna i Fjellblom IL!

Skidress til alle barna i Fjellblom IL!

06. februar 2024
40 aktive og skiglade barn i Fjellblom idrettslag fekk i går utdelt eigen skidress!

Som ein ekstra bonus for aktive barn i Fjellblom idrettslag, har alle barna fått gratis skidress å bruke på treninger og renn. Valdres sparebank har sponsa ein del og idrettslaget har sjølv dekka resten. På denne måten sikrer ein at alle som ønskjer seg klubb-dressen får den, og i tillegg kan den leverast inn igjen når den er blitt for liten, slik at nokon andre kan få glede av den! 

Det blir difor svært mange Fjellblom-patriotar å sjå på framtidige treninger for idrettslaget! Kvar måndag i vinterhalvåret har dei skitrening frå 18.00-19.00, onsdager er det lysløyperenn frå 18.00-20.00 og kvar torsdag er det bading i Vangshallen frå 18.00-19.30. Sjekk ut nærmare informasjon om dei ulike aktivitetene ved å kikke i kalenderen vår

 

Sjå fleire bileter frå utdelinga nedanfor!