IMG 6316
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Valdresspelet i gang: Dronningemne

Valdresspelet i gang: Dronningemne

19. februar 2024
Denne sommaren skal spelet om Gyda på Kvie få utspille seg i vakre omgivelser i Gardalen, og Valdresspelet er allereie i gang med planlegginga.

- Dette er ein stor og viktig del av Vang og heile Norge sin historie, og dette er noko me må vera stolte av, fortel ein engasjert Ragnhild Lund, manusforfatter og regissør ved Valdresspelet. 

For til sommaren skal nemleg spelet Dronningemne; historia om Gyda frå Kvien sitt nei til Harald Hårfagre, dramatiseres i Gardalen - midt i mellom Tveit og Kvismoen. Inne i skogen, langt frå E16 skal handlinga finne stad.  

- Me gler oss veldig over å kunne få sette opp og formidle ein så viktig historie. I år blir ein miniversjon av Dronningemne, før me i 2025 verkeleg skal slå på stortromma og gjere historia til Gyda på Kvie kjent, smiler Lund. 

 

Treng dyktige folk på laget 

Sjølv om det i år blir ein litt mindre versjon av spelet, så trengs det fortsatt mykje dyktige folk med på laget, både på scenen og i kulissene. Nyleg hadde Valdresspelet ein gjennomgang av manuset, der fleire skuespillere var med og leste gjennom replikker, og ga publikum eit inntrykk av korleis spelet skal bli. 

- Me er heilt i startfasen med planlegginga og er difor veldig avhengige av å få med oss folk, fortel Lund. 

Ho anslår at dei treng omslag 35 aktørar (skuespillere, småroller, dansere, musikere) på scenen, i tillegg til ca. 20 statister. 

- Sjølv om du er på scenen, må du nok også regne med å hjelpe til litt andre plasser også. Vi vil jo gjerne at det skal bli større neste år, men vi er nødt til å se hvordan det går i år, seier Lund. 

- I tillegg til skuespiller og statister, treng me og hester og andre dyr. Så, me blir veldig glade om nokon vil hjelpe til med det, smiler ho. 

- Om du har lyst til å vera med, anten du vil stå på scena eller bidra på annet vis, blir så glade og takknemlege om du tek kontakt med Valdresspelet, avslutter Lund. 

Dronningemne skal settes opp 31. august og 1. september. 

 

 

Skuespillere fra manuslesing:

Mentor og spel-regissør Svein Gundersen 
Skuespillere: Karen Høie, Anne Marthe Lund Engnes, Ådne G Koldbjørnshus, Mikael Engnes Lund og Pål Fredrik Kvale 
Fra Vang: 
Stig Kenneth Limmesand, Vigdis Neby, Anja Heggom, Belinda Wangensteen, Aud Synnøve Kvale, Jørand Lunde, Marianne Isachsen.
Og Dagny Britt Frøyen laget en fantastisk lammegryte til alle aktører og tilhørere denne dagen!

 

Kontaktperson:
E-post: Aud.kvale@gmail.com
Mob: 952 05 852

Sjå bileter frå manuslesinga i bildekarusellen under.