Denne blide gjengen ventar på ein frivilligsøknad frå deg! Frå venstre: Partnersjef Stian Kronborg, Festivalsfjef Guro Furunes Pettersen, Kontorsjef Ingebjørg Blomlie Müller og Områdesjef Eskil Røe.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vil du skape festivalmagi i fjellheimen? Sjå hit!

Vil du skape festivalmagi i fjellheimen? Sjå hit!

06. mars 2024
Denne blide gjengen søkjer no 750 frivillige til årets Vinjerock! Påmeldinga er ope, og du kan bli med og skape festivalmagi på Eidsbugarden til sommaren!

Kvart år er omkring 750 friskusar i sving 1060 meter over havet for å lage gode opplevingar for festivalfolket. 3. mars opna Vinjerock for frivilligsøknader - og no kan du bli med!

Som frivillig får du, i tillegg til å oppleva Noregs vakraste festival utan å betale eit raudt øre:

  • Festivalpass (dette får du inne på festivalområdet)
  • Vere med på Vinje Rockehøgskule (ei helg i juni der me blir kjend, lærer og har det kjekt i vakre, vene Vang i Valdres)
  • Mat medan du er på jobb under festivalen
  • Litt godsaker frå festivalen sine sponsorar
  • Ei unik frivillig-T-skjorte
  • Gratis transport t/r Tyin–Eidsbugarden (på oppsette tidspunkt)
  • Rabattert parkering på Tyinkrysset, men me oppmodar dykk til å fylle bilen med fleire vinjerockarar eller ta kollektivtransport då det er begrensa med parkeringsplassar.
  • Garantert nye, kjekke venner for livet

Har du spørsmål eller er usikker på kva gruppe som passar for deg? Fyr av ein mail til frivilligsjefen Torgeir Molvær på e-post frivillig@vinjerock.no.

Les meir og meld deg på eventyret i fjellheimen her.