DIRIGENT VANGSKORET / PIANO-AKKOMPAGNEMENT
Vang kommune har frå 01.01.19 ledig ei 18,85 % stilling i Kulturskulen. Stillinga er delt mellom desse oppgåvene, men det er ikkje naudsynt å kombinere dei:
DIRIGENT VANGSKORET i 15,00 % stilling. Vangskoret har som mål:
- Å skape interesse for god korsong
- Å arbeide for musikalsk utvikling
- Å skape eit inkluderande og godt sosialt miljø
- Å vera eit godt kulturtilbod i lokalmiljøet
- Å utvikle gleda ved song saman med andre
Me søkjer ein dirigent som kan leie koret i arbeidet mot dette målet, og som også vil arbeide for rekruttering av yngre medlemmer.
PIANO-AKKOMPAGNEMENT i 3,85 % stilling på Vangsheimen
Kvalifikasjonar:
- Relevant 3 årig høgskuleutdanning
- Søkjarar utan formalkompetanse, men med god realkompetanse kan vurderast
- Gode samarbeidsevner
- Personlig eignaheit vil bli vektlagt
Me tilbyr:
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
NB: Stillinga kan gjerne kombinerast med utlyst stilling som kantor ved Vang kyrkjelege fellesråd. Me oppmoda derfor interesserte til å søkje på begge stillingane.
Nærare opplysningar om stillinga kan gjevast av kulturskulerektor Oddbjørn Skeie tlf. 61 36 94 23. Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no. Søknad skal merkast med arkivsak nr. 18/440
Søknadsfrist: Fredag 10.august 2018
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!