Vang kommune har frå august 2018 ledig 60 % driftstilskot for fysioterapeut som vikariat tom 31.12.18, med mogleg forlenging.
Me tilbyr f.t gunstig leigeavtale ved Vang fysikalske institutt, der to andre fysioterapeutar også held til.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Erfaring frå barnefysioterapi er eit føremonn, men ikkje eit krav
- Gode samarbeidsevner
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Personlig eignaheit vil verte vektlagt
Heimelen krev politiattest.
Driftsavtalen regulerast av den til einkvar tid gjeldande ASA 4313.
Nærare opplysning om heimelen får du ved å ta kontakt med etatsjef Helse og Omsorg Guro Råheim Kvam på telefon 61 36 95 33/ 99 09 11 87.
Søknad merka arkivsak nr.18/460 sendast elektronisk via heimesida www.vang.kommune.no
Søknadsfrist: Søndag 22.juli 2018
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!