Vang barne – og ungdomsskule har eit ledig vikariat som barne – og ungdomsarbeidar for skuleåret 2018-19. Stillinga er på 89 % og fylgjer skuleåret (lønsprosent 79,2).
Arbeidsoppgåver vil hovudsakleg vere oppfølging av enkeltelev med nedsett funksjonsevne. Oppfølging av andre elevar og arbeid på SFO kan også bli tillagt stillinga.
Me søkjer deg som er ein tydeleg og trygg vaksen, og som er god til å byggje relasjonar med born og vaksne. Du må like å arbeide med ungar og å involvere deg aktivt i deira kvardag.
Me søkjar ein medarbeidar som har:
- Fagbrev barne og ungdomsarbeidar. Søkjarar utan formell utdanning, men med relevant erfaring kan bli vurdert.
- Gode samarbeidsevner
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
- Stillinga krev politiattest.
Me tilbyr:
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen har personalbustadar for leige
Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Tor Nordaas på telefon: 61 36 94 31 / 470 87 727.
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no. Merk søknad med arkivsak nr. 18/466.
Søknadsfrist: Søndag 29.juli 2018
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!