Frist utløpt

Frå 1. mai 2016 til utgangen av august 2016 er det ledig eit engasjement i 100 % stilling som prosjektleiar for etablering av VangsRiva.

VangsRiva skal drive med arbeidsformidling og legge til rette for integrering og inkludering gjennom arbeidstrening. Tiltaket vil få tilhald i Klokkarhaugen i Vang sentrum der det også er turistinformasjon sommarstid som prosjektleiaren også vil få ansvaret for.

Prosjektleiaren skal legge til rette for langsiktig drift av VangsRiva som eit sjølvstendig AS som skal formidle arbeidskraft til privatpersonar og næringsliv i Vang. Prosjektleiaren må kunne etablere gode rutinar og vere innovativ.

Ein viktig del av arbeidet vil vere opplæring, språktrening, praktisk rettleiing, økonomistyring og marknadsføring.

Meir informasjon om stillingane kan du få av leiar ved Introduksjonssenteret Erik Martinsen Dalåker tlf. 414 09 798 eller av skule- og kultursjef Jon Eggen tlf. 61 36 94 00. Vi tilbyr spanande arbeidsoppgåver, løn etter tariff, god forsikrings- og pensjonsordning og hjelp til å skaffe bustad.

Søknad merka aktuelt saksnummer blir å sende elektronisk via www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannen, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres innan 12. februar 2016.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Er du vår nye festivalsjef?

Vinjerock
Søknadsfrist: 24. mai 2024
Les mer om stillingen Er du vår nye festivalsjef?

Er du vår nye fjellpromotør?

Tyin-Filefjell
Søknadsfrist: 26. mai 2024
Les mer om stillingen Er du vår nye fjellpromotør?

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia - 2 gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia - 2 gongs lysing

Programrettleiar - 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. mai 2024
Les mer om stillingen Programrettleiar - 100 % fast stilling

Saksbehandlar/konsulent - Politisk sekreteriat/kommunikasjon/HR - 100 % fast stilling ved Stab

Vang kommune
Søknadsfrist: 29. mai 2024
Les mer om stillingen Saksbehandlar/konsulent - Politisk sekreteriat/kommunikasjon/HR - 100 % fast stilling ved Stab

Stabsmedarbeidar - Service, kommunikasjon og løn/økonomi - 80 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 29. mai 2024
Les mer om stillingen Stabsmedarbeidar - Service, kommunikasjon og løn/økonomi - 80 % fast stilling

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 30. jun 2024
Les mer om stillingen Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24