Logo BUA Vang

BUA Vang

I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!
Me har mellom anna packrafts, badstutelt, tursko, sekkar, hengekøyer, telt, soveposar, primus, ski, diverse akedoningar, turskøyter, pulk, pilkesett, syklar, sykkelvogn, fiskestenger, diskgolfkorger og andre hageleiker, bålpanne, takke, bilsete og mykje, mykje meir.
Du finn BUA mellom Drengestøga og Vangsheimen. For å låne må du opprette ein profil på nettsida. Alle over 18 år kan opprette profil, og evt legge til ungar som medlånarar slik at dei kan låne på eiga hand. Vi hjelper deg gjerne med å opprette profil når du kjem innom! Her kan du sjå alt utstyret vårt, og registrere låneprofil.
Utlån: Vi har i hovudsak ope for utlån torsdagar kl 15 til 16.
Innlevering: Vi har i hovudsak ope for innlevering tysdagar kl 15 til 16.
I tillegg har me utlån etter avtale, kontakt frivilligsentralen. Du kan også reservere utstyr ved å ta kontakt, og me kan legge utstyr til henting i biblioteket.
Hugs at du skal vaske utstyret før du leverer, slik at det er reint og fint til neste lånar.
Kontakt: 46816473 // frivilligsentralen@vang.kommune.no


Aktiviteter

Sist oppdatert: 12.03.2024