Den Norske Turistforening har fleire hytter og kvista ruter i Vang. Her i området aust for Tyin. Foto: Hallgrim Rogn.
Framsida Aktivitetar Vinteraktivitetar Hytte til hytte

Hytte til hytte

Med fleire turistforeningshytter, mykje av Skarvheimen og endå meir av Jotunheimen innanfor kommunegrensa, er Vang eit eldorado for den tradisjonelle hytte-til-hytte-turen.

Eidsbugarden er ein naturleg utgangspunkt og sentrum for mange. Men dei mindre hyttane heilt sør i Jotunheimen og over i Skarvheimen er eksotiske og lett tilgjengelege mål.

Her listar vi opp hyttane, samt aktuelle startpunkt for turar dit. Startpunkta er ikkje alltid der DNT har si kvista løype inn til hytta, men med kartforståing er dette fine skiturar. På UT.no finn du all relevant informasjon om hyttane, kart, reglar og nøkkel.

Eidsbugarden

Fondsbu og Tyinholmen er alle gjæve overnattingsbedrifter ved denne beste innfallsporten til vinter i Jotunheimen. 

Koma seg dit:
Beltebiltransport inn frå Tyin i vintersesongen. Eventuelt kan ein parkere ved Tyinosen eller Tyinstølen og gå isen over Tyin.

Tomashelleren

Tomashelleren er ei supertriveleg og nybygd turisthytte i området mellom Vangsmjøsa og Eidsbugarden. 

Koma seg dit: Tyinosen (merka med kvist på seinvinteren), Slettefjellbommen, Anleggsvegen frå Øvre dalen til Jonskar eller stølsvegen opp Sanddalen er aktuelle startpunkt..

Yksendalsbu

Den ombygde gjeterhytta Yksendalsbu er eit triveleg tilbakeblikk på fjellkulturen i området. 

Koma seg dit: Raudalen, Eidsbugarden, Bygdin, Tyinstølen eller Tyinosen er alle aktuelle startplassar.

Slettningsbu

Lett turterreng, lite folk og mange aktuelle startplassar på Tyin–Filefjell er stikkorda for Slettningsbu.

Koma seg dit:
Tyinstølen, Bjørndalen, Sletterust, Kyrkjestølen.

Sulebu

Ein solnedgang ved Sulebu med Jotunheimenens stortoppar ruvande mot nord er ei oppleving du ikkje vil vera for utan.

Koma seg dit:
Skisenteret, Kyrkjestølen, Maristøga. 

Torfinnsbu

Legendariske Torfinnsbu ved foten av Torfinnstindane er eit sjølvbetjent tilbod i hjartet av Jotunheimen med høve for både fjellskiturar og brattare skiturar i alle retningar. 

Koma seg dit:
Eidsbugarden eller Bygdin, eventuelt frå Yksendalsbu.

For den som kjem langvegsfrå for å gå hytte-til hytte i Vang, er både Bygdin FjellhotellTyinstølen, Tyinkrysset Fjellstue og Filefjellstuene aktuell overnatting før eller etter turen.

Vangsfjella på UT.no

Vinterkart over DNT-nettet i Vang
Vinterkart over DNT-nettet i Vang

Besøk sida

Den Norske Turistforening

Den Norske Turistforening (DNT) ved DNT Oslo og Omegn eig og driv Fondsbu, Tomashelleren, Yksendalsbu, Slettningsbu, Sulebu og Torfinnsbu i Vang. Ved sidan av 500 andre hytter rund om i Noreg. Du kan med andre ord gå i fjellet frå Vang til både Lindesnes og Nordkapp langs eit samanhengjande nett av hytter og ruter.