Like greitt ned att som på vegen opp - trugetur på Tyin–Filefjell passar for alle. Foto: Ida Ask.
Framsida Aktivitetar Vinteraktivitetar Trugetur

Trugetur

Det gamle framkomstmiddelet truger vert nytta både i djupsnø i skogen og for å ta seg opp på fjelltoppar i Vang.

Etter å ha vore lite  nytta i mange år er dette ein aktivitet både fastbuande og turistar no har teke opp att. Fordelane med truger er at du har full kontroll heile tida, samstundes som du kan gå stort sett kvar som helst. Både djupsnø, skuterspor og skare er føre moderne trugar taklar. Det same gjeld både flatt terreng og relativt bratt terreng både oppover og nedover.

Sidan truger er såpass framkommelig, er det vrient å gje nokre konkrete tips til kvar ein kan gå. Nokre velgjer å gå i skiløypa opp mot Leirholshøgda, mens andre går på små eller større toppar oppe på Tyin–Filefjell og atter andre finn seg turar i skogen.

Med såpass mange trugegåarar i bygda har det vorte oppretta eit eige trugelaug (facebookgruppe). Kvar fullmåne med greit vér gjennom vinteren tek dei turen på Slettefjellet. 

Ha du lyst til å teste trugetur utan at du sjølv har utstyret kan du spørre i gruppa eller kontakte  Tyin Aktiv som både leiger ut truger og samt tek deg med på trugetur.