Innovangsjon sitt hovudmål er å skape «handling for Vang» på alle nivå. Foto: Ida Ask.
Framsida Aktuelt Om Innovangsjon

Om Innovangsjon

Innovangsjon SA står bak nettsida vangivaldres.no. Vi arbeidar med næringsutvikling, møteplassar, bustader og blest etter visjonen Vang byggjer Vang.  

Oversett til dagleg drift betyr det at vi har eit felles ansvar i Vang å omsetja stoltheita over plassen vi bur på til å inkludere alle. Det skal vera greitt å stikke seg fram og både meine og få til noko i Vang - vi blir aldri betre enn det vi unner naboen vår å bli.

Innovangsjon såg dagens lys i 2011 i kjølvatnet av miljøet kring festivalen Vinjerock som vert arrangert på Eidsbugarden i Vang.

Ein god gjeng med unge og eldre ungdom var særs motivert for å forme si eiga framtid. Valdres Sparebank og Vinjerock gjekk inn på eigarsida, mens kommunestyret i Vang gjekk inn med støtte til drifta i løpet av hausten.

Heile satsinga vart sparka i gang med ein «Innovangsjonsdag» i september 2011. 

Dagleg drift

Ein «innovangsjonsminister» og ein næringsutviklar er tilsett i Innovangsjon med kontorstad på Kontorfellesskapet 1724 i Vang sentrum.

Grunntanken med heile Innovangsjon er å skru Vang til det vesle ekstra kneppet som gjer at både folk, bedrifter og gjester finn det dei er ute etter her.

For å få til dette omset vi visjonen «Vang byggjer Vang» til fire hovudsatsingar:

Arbeidsplassar

Næringsutviklaren for Vang er tilsett i Innovangsjon SA og jobbar med vidareutvikling av eksisterande bedrifter og bistand ved etablering av nye.

Har du tankar om å starte bedrift? Vil du behalde noverande arbeid, men bu og leve i Vang? Er du ute etter å vidareutvikle bedrifta di? Eller ser du berre etter arbeid? Alt dette er saker næringsutviklar Dag Inge hjelper deg med.  

Bustad

Vi følgjer marknaden for kjøp, sal, tomter og utleige av bustader i Vang tett. Alt dette finn du informasjon om her på sidene.

Vi har også eit eige prosjekt gåande saman med nabokommunen Vestre Slidre der busetjing på tomme gardar er målet.

Ved siden av dette er nybygging av bustader eit naturleg fokusområde for Innovangsjon. Her er vi avhengige av å spele på lag med entreprenørar, kommune og sjølvsagt privatpersonar som ynskjer ein moderne bustad i Vang. 

Mange gode prosjekt har vorte realisert i Vang dei siste åra, og fleire prosjekt er i startgropa.

Har du spørsmå eller innsepl om bustadar i Vang, er Ida rett person å kontakte.  

Møteplassar

For at eit lokalmiljø skal fungere er ein avhengig av dei gode møteplassane. Heldigvis har vi eit levande lag- og foreiningsliv i Vang som skapar desse møteplassane.

I tillegg ynskjer Innovangsjon å skape nokre heilt opne møteplassar. Difor arrangerast «Fredagskos» nokre fredagar i året. Arrangementet flytt seg rundt frå plass til plass, og ved siden av god mat, står som regel ein liten quiz og mykje prat på programmet. 

Vi oppmodar elles alle som busett seg her (eller har tankar som går den vegen) om å ta kontakt - ein kaffikopp med oss er ein god start på livet i Vang.

Blest

Vi som bur i Vang veit at Vang kommune er ei framifrå plass å leva livet. Men skal vi halde stand som slagkraftig kommune er det heilt naudsynt at også andre får veta dette. 

Difor er blest eit viktig arbeidsområdet for Innovangsjon. Nettsida du les på no brukar vi aktivt Det same gjer vi med facebooksidane våre, samt kontoen @vangivaldres og #vangivaldres på Instagram. Elles er vi på tilbodssida om pressa tek kontakt og ynskjer å gjere noko frå Vang. Det hender faktisk at vi våger oss frampå og tek kontakt med redaksjonar når vi meiner det er ei sak frå Vang som fortener ekstra merksemd.  

Økonomi

Innovangsjon får tilskot til drifta av Vang kommune. Ved sidan av dette bruker eigar Valdres Sparebank å løyve eit årleg tilskot til foretaket øyremerka næringsutviklingsarbeid. Ut over dette skaffer Innovangsjon seg nokre inntekter gjennom foredrag og relevante prosjekt. Desse inntektene gjer det mogleg å arrangere både «Fredagskos» og betale for husleia på Kontorfellesskapet 1724 der vi held hus. 

Styret

Innovangsjon har eit styre beståande av sju ildsjeler som brenn for framtidas Vang. 

  • Joachim Hjermann Dahl - styreleiar
  • Margrethe Ann Fagerheim - styremedlem
  • Halvor Eggen Pettersen - styremedlem
  • Anders Hermunstad - styremedlem
  • Frank Thune - styremedlem
  • Ingeborg Lunde - styremedlem
  • Lise Lajord Munch- styremedlem

Kontaktpersonar

Dag Inge Bruflot
Dag Inge Bruflot

Med bakgrunn får internasjonalt næringsliv (Ikea, Acer) flytta Dag Inge Bruflot til Vang sumaren 2015 og byrja i jobben som næringsutviklar i Innovangsjon. Anten du driv næring i bygda, vurderer å starte opp noko eller berre treng ein å diskutere ideen din med, er Dag Inge mannen å kontakte. TLF: 958 73 757

Send e-post

Ida Nordland Hillestad
Ida Nordland Hillestad

Med et stort hjerte for hjembygda jobber Innovangsjonsminister Ida Nordland Hillestad kvar dag for å bidra til at Vang fungerar best mogleg på flest mogleg nivå. TLF: 480 90 059

Send e-post