Badstubygda Vang i Valdres har to vedfyrte, offentlige badstuer satt opp av arkitektstudenter ved NTNU.
I tillegg er det et stadig økande antall private badstuer i aktiv bruk. Det er også tradisjonelle innandørsbadstuer i Vangshallen og på Åsvang samfunnshus som er i bruk i samband med trim eller svømming. Badstubad er heilårsaktivitet i Vang!
Nedanfor kommunehuset i Vang sentrum er det badstue, leike/treningsområde og strandsti med fleire bålpanner, benker og flotte strender. Sjølvdrift og tillit er stikkord for badstudrifta der ved er tilgjengeleg og folk elles klarar seg sjølv.
Her er nokre enkle køyrereglar.
NB: Det skal vera ved på plass heile tida. Om det ikkje ligg ved ved badstua er det berre å køyre innom ein butikk eller ein bensintasjon, eventuelt ringe til ein av desse lokale vedprodusentane.
Meir om bakgrunnen for badstua finn du i denne saken og i denne bloggen. Heile NTNU-samarbeidet er skildra her.
Siste år NTNU var i vang sette dei opp Eldmølla på Leirholshøgda - eit temmeleg heftig prosjekt som framleis er den råaste badstua i Noreg.
Eldmølla har booking via eigen nettside og er eit flott turmål gjennom heile sommaren, eller på ski og truger gjennom vinteren.
Den særleg interesserte kan lese om heile prosessen her. Eller sjå korleis bygget vart skapt i denne filmen. Det ligg også mykje snadder ute på nettet frå Eldmølla i ulike arkitekturtidsskrift.