Påskeføre i Vang! Foto: Hallgrim Rogn
Framsida Aktivitetar Vinteraktivitetar Topptur

Topptur

Både bygdefjella og klassikarane over 2000 meter gjæve toppturar i Vang og Valdres.

Grovt sett kan ein dele toppturane i Vang inn i tre kategoriar, alle med sin X-faktor. I tillegg er heile kommunen godt egna for klassikse fjellskiturar. 

Jotunheimen

Om ein ser bort i frå Rasletinden og tinderekkja vidare til Vestre Kælvehøgde (2208 moh.) (høgaste toppen i Valdres og Vang), som du når frå vegen over Valdresflya, er innmarsj det store aberet ved turing i Jotunheimen.

På pluss-sida er lite folk, store fjell, og ja, det faktum at du er i Jotunheimen. Den greiaste måten å løyse Jotunheimen og topptur på er å vera med ein beltebil inn til Eidsbugarden eller Tyinholmen. Her er både Eidsbugarden Hotel, Fondsbu Turisthytte eller Tyinholmen høyfjellstue aktuelle overnattingsplassar. Med tidleg start er fjell som Uranostinden, Snøholstinden, Galdeberget og Langeskavlen innanfor rekkjevidde. Det same er fleire klassikarar utanfor kommunegrensa.

Eit alternativ kan vera å gå inn til den sjølvbetjente hytta Olavsbu og gå toppturar herifrå. Stort meir eksotisk vert det ikkje.

Tyin–Filefjell

I Tyin–Filefjell-området er det fleire fine dagsturmål for den topptursugne. Skørsnøse er det mest brukte fjellet, med fleire fine alternativ for nedkøyring. Elles er Stølsnøse, Tyinstølsnøse, og Frostdalsnosi nokre av fjella som vert nytta til turing. Du har også temmelg vérsikre turar som Finndalshorn og turen til Øvre Dalen.

Det fine med fjella på Tyin–Filefjell er at du stort sett tek høgdemeter rett frå vegen og at du går heile turen i ope høgfjellslandskap med god oversikt over omgjevnadane.

«Bygdefjella»

I fjellbygda Vang er det eit godt alternativ å spenne på seg toppturutstyret frå dei øvste gardane og starte toppturen. Mellom Slettefjellet og Vennisfjellet er det stort sett berre å sjå seg ut eit mål og starte turen kvar som helst – du tek høgdemeter frå fyrste stavtak. Purkeryggen, Hensfjellet og Blåe berge er nokre tips. Også turen til Mugnetinden frå Raudalen er mykje gått, særleg av feriegjestar på Beitostølen.

Elles er det såpass bratt i Vang at mange andre bygdefjell også er aktuelle som turmål. Det kan vera alt frå Bergsfjellet og Grindadn til Hugakøllen og Gilafjellet.

Fjellskiturar i Vang

Ikkje alle toppturar i Vang krev tungt og dyrt utstyr. Mange av turane er vanleg å ta med fjellski for den som har grei kontroll på desse. Utsikten ved Eidsbugarden og Suletinden eller Bleia på Tyin–Filefjell er gode alternativ. I stølsområda elles i Vang er det berre å se seg ut eit fjell og legge i veg.

Outtt - din guide til toppturar

Toppturar i Vang
Toppturar i Vang

Værsågod, dei mest brukte skifjella i Vang samla på eitt fat.

Besøk sida

Toppturar på Tyin-Filefjell
Toppturar på Tyin-Filefjell

Innanfor ein radius på eit kvarter frå skiheisen på Tyin-Filefjell kan du gå gode toppturar frå november til mai/juni.

Besøk sida

Kunnskap på tur

Når du skal på topptur vinterstid har du to val. 1: Gå slake turar utanfor skredfarleg terreng. 2: Skaffe deg kunnskap og utstyr for å bevege deg i brattare terreng. Eit godt tips er også nettstaden varsom.no som varslar skredfare i Noreg. Leif Øyvind på Intersport Filefjell er ute kvar veke for å vurdere skredfaren i Tyin–Filefjell-området og melde inn til denne nettsida.