Vang er ei fjellbygd turen kan starte frå dørstokken, ein av stølsvegane eller ein fjellovergang.
Framsida Aktivitetar Sumaraktivitetar Fjelltur

Fjelltur

Fjelltur og Vang er like naturleg som fisk og vatn. Vi har Jotunheimen, Fugleberget og alt i mellom.

På trass av fleire av 2000-meterstoppane i Jotunheimen er innanfor kommunegrensa, er det bygdefjella som vert mest brukt til fjelltur. Grindane, Hugakøllen, Skutshødn og Hødntinden er mykje brukte turmål – men mange er også på tur utan at toppen nødvendigvis er målet. Vang er generelt relativt fint å vera ute på tur i! 

Ut.no guider deg til topps! 

For å få oversikt over det mangfaldige tilbodet innanfor kommunegrensa finn du mange forslag til turar på ut.no med god informasjon og gode kartløysingar. Du finn og mange forslag til turar i Vang og heile Valdres på Valdres.no.

Er du ikkje særleg digital av deg, får du kjøpt både Turhandbok for Vang og Turkart for Vang på dei fleste butikkar i kommunen og i Slettefjellkiosken

Vang Turlag

For nokre år sidan tok ein gjeng spreke vangsgjeldingar initiativ til å starte opp eit turlag i kommunen. Klart ei turkommune som Vang lyt ha eit turlag! Dei arbeidar for at både fastbuande, hyttefolk og feriegjestar skal få lettare tilgang til store naturopplevingar.

Ved sidan av å leggje til rette for tur, arrangerer dei også fleire opne fellesturar gjennom året.

Turtrimmen

Alle medlemmar i Vang turlag får stemplingskort for turtrimmen i postkassa. Dette er tjuge utvalde turmål innanfor kommunegrensa. På alle saman er det sett ut turkasse med klyppetang og gjestebok.

Dei 20 turmåla som til ein kvar tid gjeld – finn du på nettsidene til Vang turlag

Guida fjellturar

Den som ynskjer å presse grenser i fjellet, kan enkelt leige seg fjellførar i Vang. Fyrst og fremst er det området inn mot Tyin og Eidsbugarden som har føringsturar gjennom sumaren. Dei mest populære toppane er Falketind og Uranostind, men tindeutvalet i området er stort – og mange av fjella såpass bratte at førar er greitt.

Både Tyin-Aktiv og Opplev Filefjell tilbyr guida turar i Vang. Elles har dei fleste overnattingsbedriftene i kommunen god kontakt med guidar og set deg i kontakt. 

Outdooractive - din guide til fjellturar i Vang

Fjellturar i Vang
Fjellturar i Vang

Smått og stort av fjelltoppar og stigar i Vang er samla hjå Outdooactive.

Besøk sida

Kongevegen over Filefjell
Kongevegen over Filefjell

Ei vandreoppleving i verdsklasse - velkommen til Kongevegen over Filefjell.

Besøk sida

Unike stigar

Dei siste tjue åra har ungdom i Vang arbeida kvar sumar med å vedlikehalde nettet av stigar i Vang. Vardar med ein kvit V syner veg i høgfjellet, mens kvite klossar syner veg i skogen. Fin sumarjobb for ungdommane og særs greit for alle oss andre.