Fisking i Vang betyr alt får meitefiske i småelvar til båtfiske i fjellvatn og flugefiske i Jotunheimen. Foto: Hallgrim Rogn
Framsida Aktivitetar Sumaraktivitetar Fiske

Fiske

Store innsjøar, små fjellvatn, mykje rennande vatn og god forvaltning gjev eit høgfjellsfiske av aller ypparste kaliber i Vang.

Det er auren som er totalt dominerande i Vang. I Begna sør for Ryfoss, pluss nokre vatn sør i kommunen, finn du også abbor. I tillegg har den vesle rakkaraen ørekyta spreidd seg til dei aller fleste vatn og vassdrag i kommunen.

Kvar skal ein fiske?

Anten du er ute etter storfisk eller ei god oppleving for heile familien – er Vang rette plassen. Går du i surr i stadnamna her - finn fram eit kart på nett eller papir og bruk det som støtte. 

Familien: Mindre vatn og elver er ofte meir motiverande fiskeplassar for den yngre garde enn de store innsjøane i kommunen. Begna med middels eller liten vassføring er eit godt alternativ. Det same er Ala som renn ut frå Nordre Syndin og ned mot Begna. Med enkelt utstyr og mark er du nesten garantert å få fisk her, sjølv om han ofte ikkje er særleg stor. Ein god bonus er dei mange fine badeplassane langs elva.

For den som vil prøve seg i Vangsmjøsa kan Hemsing Bru vera staden å byrje. Her har du ei stor brygge, tilrettelagt for rørslehemma, som også er god å fiska i frå. Og om fisken ikkje bit er det både sitjebenkar, sandvolleyballbanar, sandstrand og toalettanelegg i området.

Storfiskaren: Stor fisk og Vang høyrer godt saman. Begna, både ovanfor og nedanfor Ryfossen, er staden å prøve seg på starten av sesongen. Trast etter vårflaumen vert det alltid landa fleire fisk på 2-4 kg i elva.

Etter dette byrjar fjellvatna å vakne til liv. Her lyt du ha litt flaks for å treffa akkurat på bettet, men om du gjer det kan børa ned att blir riktig så tung. Som oftast er midten av juli, pluss minus ei veke eller to, tida då fjellvatna vaknar til liv og fisken er på sitt aller mest biteviljuge.

Ut over sumaren er Vangsmjøsa, Nørsvinsfjorden og nokre av dei størst fjellvatna også mykje besøkt med båt. Oter, wobler, markdrag osv. fungerar godt her som andre plassar.

Flugefiskaren: Fleire av dei mindre fjellvatna, og elvane som renn mellom desse, er ypparlege for flugefiske. Særleg har delar av Koldedøla utmerkja seg som ei kvalitetselv for flugefiske dei siste åra.

Matauk: Også den som fyrst og fremst er ute etter å fylle rakfiskbutten eller fryseboksen har eit Vang som eit mekka. Det er nett som gjeld, noko som betyr at dette fisket ikkje er ope for alle. Det er vel og merkje ikkje noko problem med overfiske i kommunen, så tek du kontakt med grunneigar er sjansane gode for å få teste også dette fisket. Seinhaustes, når nettene byrjar å vera verkeleg mørke, er fisket med nett aller best.

Fiskekort

Det er ein jungel der ute! Det er ein grei regel at matbutikkar, overnattingsbedrifter og bomvegkasser som regel har fiskekort for nærliggjandte vatn og vassdrag. Her er elles ei lita innføring i fiskekorta i kommunen:

Eidsbugarden: Deler av Bygdin og fleire vatn rundt er ein del av «Eidsbugarden fjelleigedom» som sel kort hjå Inatur.  
Fiskekort for berre Bygdin får du både på Fondsbu og Eidsbugarden Hotel. Korte gjev og høve for å fiske får stilleståande båt. (15.06- 15.09)

Tyin: Kjøpast på Tyinholmen, Joker Tyinkrysset eller Filefjellstuene. Eventuelt på SMS. (Heile året)

Tyin–Filefjell: Det er fleire fiskekort å velja mellom i området, men heldigvis får du kjøpt dei aller fleste på Joker Tyinkrysset. 

Helin og Nordre Syndin: Coop marked Fjellvang, samt bomkasser og eigne fiskekortkasser er stadene du skaffer deg fiskekort for desse to fjellvatna. Også høve for SMS-kjøp av fiskekort. (15.06- 15.08 i Helin, 15.06- 15.09 i Syndin)

Smådøla og Hestebotten: Ved parkeringa der turen til Hestebotten byrjar er det kasse for fiskekort til både Smådøla og Hestebottjednet. (15.06- 01.09)

Vangsmjøsa og Nørsvinsfjorden: Både Inatur, Coop Marked Fjellvang, samt overnattingsbedrifter rundt vatnet sel fiskekort. Også høve for SMS-kjøp. På Bøflaten camping kan du leige båt. (01.05- 01.10 i Vangsmjøsa, 01.06- 15.09 i Nørsvinsfjorden)

Sanddalen: Fiskekort kjøper du i bomkassa ved innkøyringa til Sandalen.

Fleinsendin og Ole: Kortet for fisking i desse to gjæve fjellsjøane kjøper du i fiskekortkasse i området. (15.06- 15.09)

Begna: Dette kortet kjøper du helst via Inatur. Fleire campingplassar og matbutikkar har fiskekort for strekninga mellom Nørsvinsfjorden Ryfossen.

Vangsmjøsa og strekninga ned til Slidrefjorden er også med på felleskortet «Fisking i Valdres».

Bildegalleri

Fisking i Valdres

Fisking i Valdres har av mange grunnar kultstatus her til lands. Mange av dei beste moglegheitane er samla på nettsida www.fisking-i-valdres.no og i brosjyra med same namn. Felleskortet for Valdres får du kjøpt via Inatur.