Tyin–Filefjell-området er eit ekte eldorado for kiting. Foto: Ida Ask.
Framsida Aktivitetar Vinteraktivitetar Kiting

Kiting

Vang er kanskje aller mest kjend for mykje vind og mange fjell. Ein perfekt kombinasjon for kiting.

Tyin, Eidsbugarden, Otrøvatnet, Syndin, Helin, Skarvheimen osb. Lista over dei verkeleg gode kiteplassane i Vang er lang.

Kiting er ein aktivitet som krev noko utstyr kunnskap for å kunne gjennomførast på ein trygg måte. Eit kurs hjå Tyin-Aktiv eller andre aktivitetstilbydarar er ein lur start på kitekarrieren om du ikkje har prøvd det før.

Konseptet er i alle fall at ein stor drage/kite syter for framdrifta, ein særs artig oppleving når alt klaffar. Etter kvart som du vert meir erfaren er det mogleg å nytje kite lange turar i fjellet.

Frå Otrøvatnet er det for eksempel mogleg å kite sørover inn i Skarvheimen. Også fjella sør for Eidsbugarden er flate nok til at kite kan vera eit aktuelt framkomstmiddel.