Anten du driv verksemd åleine, har eit selskap som treng kontorplass, eller du er tilsett i ei større bedrift, har vi kontorplass å tilby deg i Vang.
Mellom skigard og bjørketre på Kontorfelleskapet 1724 held Vinjerock, Weiistech, Outtt, Leodesk, Frisk Forlag, Lukkeleik, Mountains of Norway, Innovangsjon og fleire andre hus. Det er med andre ord kultur og teknologi som er hovudgesjeften i kontorfellekskapet - som har plass til fleire .
For tida er det høve for å teste ut Kontorfelleskapet nokre dagar heilt gratis for å finne ut om dette er noko for deg.
Les meir om hva du får som leigetakar på 1724.no/kontorplass.
Her finn du alt frå reknskap og arkitektur til verkstad, snekkerbedrifter, anlegg og elektro. Bygget er berre nokre år gamalt, noko som betyr at både kontor og fellesareal er i tipp-topp stand.
Ledig: 3 kontor på 12 m2.
Pris: kr 2.500,–/mnd.
Prisen inkluderar internett og felleskostnader som parkering, brøyting, vask og tilgang til fellesareal. Kontorene kan leiges ut delvis møblert om ein ynskjer det.
Per no er det også ledig eit kontorlokale i kjellaren hjå Valdres sparebank si avdeling i Vang. Høve både for å leige heile lokalet eller enkeltkontor. Også dei gamle butikklokala hjå H.T. Ellingbø er ledig på marknaden no.
Vidar Wangensteen
Gründer av Elektromontasje AS, leiar i Vang Næringsforum og kontaktperson for den som ynskjer å veta meir om kontorplass hjå Synshagen Næringspark AS.
Dag Inge Bruflot
Med bakgrunn får internasjonalt næringsliv (Ikea, Acer) flytta Dag Inge Bruflot til Vang sumaren 2015 og byrja i jobben som næringsutviklar i Innovangsjon. Anten du driv næring i bygda, vurderer å starte opp noko eller berre treng ein å diskutere ideen din med, er Dag Inge mannen å kontakte.
TLF: 958 73 757