Nyheit

Aksjon for Kvamskleiva

  Nyheitsarkiv
16. feb 2015
  • Tone Lajord, Arve Wangensteen og Bjørg Olimb diskuterar vegstrekninga.
  • Bjørg og Tone klare for å stoppe samferdselsminister Ketil Solvik–Olsen.
  • Arve Wangensteen er klar for å stoppe trafikken på E–16.
  • Journalistar var på plass for å dokumentere apellen frå aksjonsgruppa for Kvamskleiva.
  • Her var det berre å stoppe.
  • NRK laga minutt–for minutt–TV frå turen mellom Oslo og Bergen.
  • Ser du godt etter her ser du ein typisk situajson ved tunnelen. Trafikken stoppar heilt opp kvar gong store køyretøy møtast.
  • Her var det berre å høyre etter.
  • Ein knust hjelm og ei vinflaske frå Vang fekk Solvik–Olsen med seg frå Vang.
  • Rett vest for tunnelen vart det nok ein gong bråstopp for Solvik–Olsen då to bilar frå Vang Autoservice kom austover.
  • Tett bak samferdselsministeren kom ein bil med politikarar.
– Krev byggjestart i 2016

Det vart bråstopp ved Kvamskleiva for samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen på tur gjennom Vang måndag. Byggjestart i 2016 er kravet frå aksjonsgruppa. 

Aksjonsgruppa ved Tone Lajord og Bjørg Olimb, saman med gode hjelparar frå Vang Autoservice, stod bak aksjonen. 

– Problemet her er at planarbeidet er ferdig i rute til neste vår, men at finansieringa er sett på vent til perioda 2018–2023. Dette lyt vi få samferdselsministeren til å forstå kor alvorleg er, og syte for at pengane kjem på plass til neste år, fortel Tone og Bjørg i Aksjonsgruppa.

Vang Autoservice syta for å stoppe samferdselsministeren på rasteplassen rett vest for Neset. Han tok seg tid til å høyre på kva Bjørg og Tone hadde å seie, men vokta seg vel for å love noko til aksjonistane. 

Etter nokre minutt var samferdsleministeren tilbake i bilen, men resten av turen forbi Kvamskleiva gjekk heldan ikkje knirkefritt. Rett vest for tunnelen møtte han to store lastebilar og det vart (som det brukar å verta når store bilar kjem her) bråstopp for bilen til Solvik–Olsen.

Appelen frå Aksjonsgruppa

Her er beskjeden Solvik Olsen fekk ved Kvamskleiva:

«OPPSTART AV TUNNEL I KVAMSKLEIVA 2016/2017!!!!

Kjære samferdselsminister. 
Nå har vi gjort vårt....!
Alt av planarbeid, reguleringsplaner og byggeplan vil være på plass i løpet av våren 2016. 
Midler til rassikring av Kvamskleiva ligger inne i Nasjonal Transportplan (NTP), men først i perioden 2018/2023!
KVAMSKLEIVA ER DEFINERT SOM DEN MEST RASUTSATTE VEISTREKNINGEN PÅ HELE E–16.
Dette arbeidet kan startes opp i 2016, om midlene som er satt av i NTP bevilges tidligere enn oppsatt. 
Må det gå liv tapt i denne tunnelen i påvente av forsinket oppstart? 
På bakgrunn av dette forventer vi at dere som ansvarlige politieker sørger for oppstart av tunnelbyggin høsten 2016!
Takk!
Hilsen aksjonsgruppa «Tunnell i Kvamskleiva E–16 start»»